Hopp til innhold

Ekspert: – Asbestkontrollane held ikkje mål

Tom Eriksen er ekspert på å kartlegge og handtere asbest. Han meiner at mykje av arbeidet som vert gjort i dag er for dårleg.

Tom Eriksen

– IKKJE BRA NOK: Tom Eriksen undersøker forholda på Garnes ungdomsskule i Bergen. Han meiner det vert stilt for lite krav til kontrollørane.

Foto: Erling Johnsen / NRK

Bergen kommune måtte denne veka stenga Garnes ungdomsskule grunna risiko for det farlege støvet frå gamle materialar i vegger og tak.

Asbestplatene blei ikkje oppdaga i ei kartlegging i 1999.

– Det er ekstremt mykje dårleg kartlegging rundt om. Det er stilt eitt krav frå myndigheitene i dag, og det er at ein skal vera kompetent, men det er ikkje stilt nokon krav til kva kompetanse ein skal ha.

Asbest ved Garnes Ungdomsskule

MELLOM PLATENE: Her er asbesten som er noko av asbesten som er oppdaga ved Garnes ungdomsskule.

Foto: Tom Eriksen

Blei ikkje oppdaga

– Det viser manglande kompetanse når ein står på ein skule og oppdagar at det er avvik i forhold til det som står i rapportane, seier Eriksen.

Dei som utfører kontrollane kan vera ulike typar fagfolk.

– Det er til dømes byggmeistrar, målarar, røyrleggarar som tek prøvar og meiner noko, og så går dei derifrå og konkluderer.

Han som kontrollerte Garnes ungdomsskule i 1999, seier til NRK at han har lang kompetanse med forsking på asbeststøv, og ikkje er overbevist om at han gjorde ein feil den gongen, men at i ein asbestkontroll kan tilfelle gje forskjellige vurderingar.

Skal gå gjennom skular på nytt

Etter oppdaginga på Garnes skal Bergen kommune no dobbelsjekka asbestrisikoen i alle skulebygg bygd før 1980.

Utbyggingsdirektør Jarle Kvalvik seier det varierer kor dyktige asbestkartleggarane er.

– Vårt inntrykk er at dei får med seg det meste, sjølv om me har også har sett at kvaliteten varierer ut ifrå kven som har utført det.

– På Garnes var det synlege plater. Burde ikkje det blitt oppdaga?

– Ja, men det er ikkje alltid like lett for dei som skal vurdera det, for dei tar ein visuell tilstandsvurdering

.

Foreldre til elevene på asbestrammede Garnes ungdomsskole samlet til informasjonsmøte på Ådnamarka skole.

UROLEGE: Gymsalen på Ådnamarka skole var fylt til randa av uroa foreldre då Bergen kommune i går kveld heldt informasjonsmøte om asbestfunnet som har stengt Garnes ungdomsskule i Arna