Hopp til innhold

Ekspert krev strengare klimakrav for turistbåtar. – Driv fram ny teknologi

Turistnæringa treng strenge klimakrav for å få berekraftig båtturisme, meiner teknologiekspert. – Fyrst då kjem industrien til å utvikla teknologien som trengst.

Valdebatt i Flåm

FLEIRE I FRAMTIDA: Hybridbåten Vision of the Fjords er allereie i drift i Nærøyfjorden, innan 2026 skal alle verdsarvfjordane vera utsleppsfrie.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

FN sin sjøfartsorganisasjon, IMO, har vedteke at skipsfarten skal redusera utsleppa med 50 prosent innan 2050.

Likevel gjekk utsleppa frå sjøfart og fiske i Noreg opp i fjor, syner tal frå SSB.

Dagleg leiar i NCE Maritime Cleantech på Stord, Hege Økland, meiner det syner eit behov for konkrete tiltak.

– Om ein får konkrete krav, så kjem industrien til å utvikla teknologien som trengst.

Utsleppsfrie innan sju år

I mai vedtok Stortinget at turistskip og -ferjer i verdsarvfjordane skal vera utsleppsfrie innan 2026.

Økland etterlyser fleire slike krav, som er talfesta og tidsbestemde.

Ho trur næringa innser at dei treng grøne løysingar i framtida. For mindre båtar er teknologien der allereie.

– Dei kan visa fram norsk natur utan eksoslukt og støy, fortel Økland.

Tre cruiseskip i Geirangerfjorden

VERT UTSLEPPSFRI: Stortinget har vedteke at turistskip og -ferjer i verdsarvfjordane skal vera utsleppsfrie innan 2026. Biletet er frå juni i år.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Cruiseskip seglar forbi

Alt neste år vert det innført strengare miljøkrav i verdsarvfjordane. Det gjer at cruiseskip seglar forbi fjordane på grunn av dei stenge krava.

Sandra Diana Bratland er leiar i cruiseoperatøren Carnival Norway, som står for over 40 prosent av alle cruiseanløp i Noreg.

– Målet vårt er nullutslepp, men det er ikkje realistisk i dag.

Bratland trur teknologien kjem, men seier at dei tidlegast vil få eit fullskala cruiseskip med nullutslepp i 2035.

Ho fortel at dei blant anna er med i eit prosjekt hjå Cleantech, der Økland er dagleg leiar.

– Me ynskjer å vera i verdsarvfjordane også etter 2026, men det kan hende me ikkje får det til før nokre år seinare.

Skal utvida miljøkrava

– Cruisenæringa må innretta seg, fordi dei veit at dei møter eit vedtak, seier statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Atle Hamar (V).

Han er einig med Økland i at strengare krav kan ha gode resultat og fortel at Sjøfartsdirektoratet no arbeider med å utvida nullutsleppskrava til fleire fjordar.

Han trur ikkje cruiseskipa kjem til å segla forbi Geiranger og Flåm på grunn av miljøkrava.

– Dette er cruisedestinasjonar som er på topp fem i verda, det er svært attraktivt.

Eit alternativ for cruisehamnene, meiner Hamar, er å redusera talet på anløp, men skru opp prisen. Det legg også Økland fram som eit alternativ.

– Næringa må sikta seg inn på dei som er villige til å betala, og bytta ut store skip med mindre båtar som går sakte og har mindre utslepp, seier ho.

Preikestolen

INGEN CRUISESKIP: I Lysefjorden ynskjer dei ikkje cruiseskip, men fraktar heller turistane i mindre båtar. På sikt skal desse verta elektriske.

Foto: Halfdan Carstens

Næringa ynskjer realistiske mål

Reiselivsdirektør i Bergen og dagleg leiar i Visit Bergen, Anders Nyland, meiner det alt er strenge krav til reiselivet.

Han er for å dytta næringa i ei meir klimavenleg retning, men meiner det må vera realistisk og at det vert teke høgde for lokale forskjellar.

– Det nyttar ikkje å stilla krav som næringa ikkje kan nå. Det som er rett i Bergen er ikkje nødvendigvis rett i Geiranger eller i Finnmark.

Dagleg leiar Helge Kjellevold i Stiftelsen Preikestolen og Lysefjorden utvikling fortel at det allereie er vedtak om nullutslepp i populære Lysefjorden, kor Preikestolen ligg.

Eitt av tiltaka dei har gjort er å ikkje la cruiseskip segla inn i Lysefjorden. Dei set heller passasjerane på mindre båtar, som etter kvart skal verta elektriske.

– Me tenkjer på destinasjonen, og på korleis me ynskjer fjorden skal vera. Politiske føringar er viktig, men eg opplever hjå oss at næringa faktisk er i framkant.