Reisetida mellom Stavanger og Bergen skal etter planen bli halvert når «ferjefri E39» ein gong i framtida kan stå ferdig.
Hordfast er ein av dei mest ambisiøse – og kostbare – bitane av prestisjeprosjektet. Aleine skal dette erstatta tre ferjesamband mellom Stord, Tysnes og Os i Hordaland.
I beste fall blir prislappen under 30 milliardar kroner.
Men kor mykje bilistane må betala i bompengar for å køyra over dei nye bruene, er framleis i det blå.
Planen: Dobbelt så mykje trafikk
Ein av bomtakstane som er blitt presentert, er på 350 kroner, gjort av Interesseorganisasjonen Hordfast AS. Dei jobbar for å få utbygginga vedtatt og realisert.
Men då Vegvesenet rekna ut den såkalla «nettonytten» av prosjektet, tok dei berre 270 kroner inn i kalkylane.
Med den bomtaksten kom dei fram til ei gjennomsnittleg trafikkmengd kvart døgn (ÅDT) på 7000 køyretøy det året Hordfast blir opna.
Det er ganske nøyaktig dobbelt så mange køyretøy som i dag trafikkerer dei tre ferjesambanda Hordfast skal erstatta.
Talgrunnlaget får Harald Minken ved Transportøkonomisk institutt (TØI) til å reagera.
– 7000 i døgeret verkar veldig optimistisk, for å seia det mildt. Det er all grunn til å vera skeptisk til desse reknestykka.
Kan bli for lite bominntekter
Minken forskar på samfunnsøkonomisk nytte av samferdselsprosjekt.
Han meiner høge bomtakstar vil hindra ein slik dobling i trafikken. Minken trur dermed ikkje bominntektene vil kunna dekka nok av prosjektet.
Fredag kunne NRK fortelja at analysen som inkluderte bompenge-effekten ikkje var med i sakspapira då Stortinget behandla Nasjonal Transportplan (NTP) i fjor, eller då Hordfast-prosjektet var ute på høyring.
Norges Miljøvernforbund reagerte og meinte effekten av bompengar var sett unaturleg lågt.
Vedgår lågt tal
Senioringeniør Erik Johannessen i Statens vegvesen har gjort nytteanalysen av Hordfast.
Han har følgd retningslinjene staten har for slike reknestykke (sjå faktaboks):
– Utfordringa var å anslå ein bomtakst når Hordfast skal erstatta tre ferjesamband som har heilt ulik trafikkmengd og heilt ulik lengde, seier han.
I anslaget er 270 kroner tenkt som 210 kroner i bompengar på bru over Bjørnafjorden og resten på bomstasjonar andre stader.
Johannesen vedgår at med 40-prosentregelen er 270 kroner eit for lågt anslag for dei som køyrer heile Hordfast-strekninga på E39.
– Om ein legg E39-trafikken som i dag tar ferja Halhjem-Sandvikvåg, blir den moglege bomtaksten på 270 kroner for låg. Men for trafikken mellom Tysnes og Os blir den for høg.
– Fleire faktorar påverkar trafikken
Ikkje alle vil gå med på å snakka om moglege reknefeil.
Ifølge Vegdirektoratet er bompengetaksten på 270 kroner ikkje brukt i nokre offisielle rapportar.
Dei påpeikar også at det talet har tatt omsyn til at dei kortare ferjesambanda Våge-Halhjem og Jektevik-Hodnanes har billegare billettar enn Halhjem-Sandvikvåg.
– Dermed er 270 kroner ikkje så langt unna 40-prosentregelen, seier Oskar Kleven, leiar for Vegdirektoratet sin transportanalyse og samfunnsøkonomi i NTP.
Han seier årsdøgntrafikk på 7000 køyretøy uansett ikkje berre er styrt av bomtaksten.
– Også økonomisk vekst, befolkningsvekst og mange andre faktorar påverkar trafikkveksten. Men uansett er det mykje usikkerheit i slike utrekningar.