NRK Meny
Normal

Kvar dag sjekkar «Lise» om eksen har lagt ut fleire bilete av henne

Då «Lise» fekk seg ny kjærast, svara eksen med å legge ut eit intimt bilete av henne. No går ho kvar dag med angst over at han skal gjere det same igjen.

"Lise"

FEKK SJOKK: «Lise» fryktar at ekskjæresten skal legga ut fleire intime og lettkledde bilete av ho på nettet.

Foto: Jon Bolstad / NRK

«Lise» fortel om opplevinga som har plaga henne i over eitt år. Etter at ho gjorde det slutt med kjærasten, la han ut eit svært intimt og privat bilete av henne på bloggen sin.

– Eg fekk heilt sjokk. Først vart eg sint, så vart eg redd.

– I lang tid etter at det vart slutt, truga han meg over telefon og tekstmeldingar. Han fortalde meg at eg kom til å angre på at eg ikkje ville bli saman med han igjen, fortel «Lise», som no er i 20-åra og busett i Bergen.

Eg er så redd for at han skal bli sint igjen og legge ut fleire bilete.

«Lise»

Fryktar fleire bilete

Dei to var av og på gjennom heile ungdomstida, men etter nokre år gjorde ho det slutt for godt. Eitt år seinare fekk «Lise» seg ein ny kjærast, noko eksen hennar reagerte kraftig på i fleire tekstmeldingar.

Etter ei tid blir «Lise» plutseleg klar over at ekskjærasten har lagt ut et lettkledd bilete av henne på sin opne blogg.

– Eg tolka det som ein trussel og ein slags hemn frå han. Eg veit at han har fleire og meir avslørande bilete av meg. Og eg veit ikkje om han har delt dei bileta ein anna plass på nettet eller synt det fram til venner.

Bilder kan bli lagra i mange år, før noken plutseleg bestemmer seg for å legge det ut på nettet. Det bør mange unge jenter vere klar over.

«Lise»

Gjekk til politiet

Sidan «Lise» fekk ny kjærast, har ho ikkje hatt kontakt med ekskjærasten.

– Eg trur målet hans er at eg skal ta kontakt. At vi skal snakke saman, bli venner igjen og kanskje noko meir. Eg vil jo ikkje det, og då er eg så redd for at han skal bli sint igjen og legge ut enno fleire bilete. Derfor har eg ikkje tatt kontakt med han.

I staden gjekk ho til politiet. Der var beskjeden at dette ikkje var ei sak for politiet, og ho vart sendt vidare til Konfliktrådet.

Etter at dei sende eit brev til ekskjærasten om å møtast, vart biletet fjerna.

Det er sjukt at det finst nettforum der gutar spesifikt spør etter nakenbilete og andre deler ut.

«Lise»
Ungdom og mobil

«Lise» sjekkar bloggen til ekskjærasten kvar dag. Ho er uroa over at fleire og fleire jenter ukontrollert får spreidd nakenbilete av seg sjølv på nett.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Tenkjer ikkje på konsekvensane

«Lise» fortel for å åtvare andre. Ho har yngre søsken, og er uroa over at det er blitt så vanleg at unge jenter sjølv deler intime bilete gjennom Snapchat og andre sosiale media.

– Dei tenkjer ikkje over konsekvensane, eller trur at «det skjer ikkje meg». Det er sjukt at det finst nettforum der gutar spesifikt spør etter nakenbilete og andre deler ut.

I dag er «Lise» lukkeleg med kjærasten ho vart saman med for tre år sidan. Men kvar einaste dag sjekkar ho om eksen har lagt ut fleire bilete av henne.

– Eg håpar eg heller finn bilete som viser at han har komme seg vidare, kanskje fått seg ny kjærast. Slik at eg kan slappe av og sjå framover.

Siste video

Ein person mista livet då eit stort snø- og jordras trefte Odda i 1993.
Programleiar er Jan Børge Leirvik
Programleiar er Jan Børge Leirvik