Eksdirektør i Sjøfartsdirektoratet: – Rapporten er rein «tåkelegging»

Tidlegare underdirektør i Sjøfartsdirektoratet og mangeårig leiar i FN sitt sjøfartsorgan meiner havarikommisjonen underspeler ansvaret til Sjøforsvaret i sin rapport etter fregattkollisjonen.

Helge Ingstad 14.november ved Stureterminalen

SANK: Fregatten KNM «Helge Ingstad» ligg i Hjeltefjorden utanfor Stureterminalen etter ein kollisjon med tankfartøyet «Sola» TS 8. november.

Foto: Jakob Østheim / Forsvaret

– Havarikommisjonen bør gi ut ein oppdatert, førebels rapport som er fagleg grunngitt og som har ein konklusjon, seier Eivind Sanden Vågslid.

Vågslid er sterkt kritisk til den førebelse rapporten som havarikommisjonen førre veke la fram etter den dramatiske kollisjonen mellom tankskipet «Sola TS» og fregatten KNM «Helge Ingstad».

Med bakgrunn som avdelingsleiar i Den internasjonale skipsfartsorganisasjonen (IMO) og mangeårig underdirektør i Sjøfartsdirektoratet er han overraska og skuffa over dei førebelse konklusjonane havarikommisjonen har landa på.

– Eitt av føremåla med rapporten var jo behovet for å få ro. Denne rapporten fører til at spekulasjonane held fram, seier Vågslid.

Havarikommisjonen med rapport om fregattulykken

PRESSEKONFERANSE: F.v.: Kristian Haugnes (Statens havarikommisjon for forsvaret), avdelingsdirektør Dag S. Liseth, direktør William J. Bertheussen, assisterande undersøkingsleiar Ingvild K. Ytrehus og undersøkingsleiar Håvard Berntsen under pressekonferansen på Lillestrøm 29. november.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

Meiner SHT underspeler rolla til fregatten

Statens havarikommisjon for transport (SHT) uttalte på pressekonferansen i førre veke at fregatten ikkje klarte å skilja mellom tankskipet og den godt opplyste Stureterminalen då dei segla sørover i Hjeltefjorden grytidleg 8. november.

Med andre ord: Fregattbesetninga trudde skipet var land.

I ein Ytring på NRK.no tar den erfarne sjømannen og tidlegare navigasjonslæraren no bladet frå munnen.

Vågslid meiner SHT overspeler tankskipet si rolle og underspeler rolla – og ansvaret – til fregatten.

– Årsaka var uaktsam navigering frå fregatten si side. Det er ingen tvil.

Eivind Sanden Vågslid

KRITISK: Tidlegare underdirektør i Sjøfartsdirektoratet Eivind Sanden Vågslid.

Foto: Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen / International Maritime Organization

– Unnamanøver mot babord er ei grov synd

Vågslid meiner rapporten er ufullstendig. Han meiner bestemt at fregatten skulle ha senka farten og ikkje svinga babord, og han meiner havarikommisjonen allereie no burde ha slått dette fast.

Vågslid viser til sjøvegsreglane som slår fast at skip skal svinga unna til styrbord side.

– I ein nærsituasjon skal ein aldri, vika til babord. Nye navigatørar under opplæringar terpar på dette i simulator heilt til det sit, seier Vågslid.

– Å vika til babord er ei stor og grov synd og noko ein aldri, aldri skal gjera, seier den pensjonerte underdirektøren.

Sola TS som kolliderte med fregatten KNM Helge Ingstad

LANG ELLER LAND: Sola TS er 250 meter langt. SHT meiner tente dekkslys før, under og etter avgang frå Stureterminalen forvirra mannskapet på KNKM Helge Ingstad til å tru at skipet var ein del av terminalen.

Foto: Lasse Wallace / NRK

Forstår ikkje at fregatten trudde tankar var land

SHT har forklart at besetninga på fregatten blei lurt av lysstøy frå land. Dei sju personane på brua trudde at det 250 meter lange tankskipet, som var i ferd med å legga frå kai, faktisk var Stureterminalen.

– Dei frykta at ein styrbord sving ville føra dei rett inn i det opplyste objektet, sa assisterande undersøkingsleiar Ingvild Ytrehus då havarikommisjonen la fram rapporten.

Den forklaringa kjøper ikkje Vågslid. Han meiner besetninga på brua ved hjelp av radar og AIS enkelt ville ha oppdaga at dei var fleire hundre meter frå land.

– Normale navigasjonshjelpemiddel ville gitt eit veldig godt bilete av dette. Det var ikkje sjø eller atmosfærisk støy eller liknande som kunne gitt forstyrringar. Radarbileta ville ha vore gode og klare.

– Kan du då forstå at mannskapet på fregatten likevel ikkje såg noko på radar eller AIS som fekk dei til å senka farten?

– Nei. Det er heilt uforståeleg.

Viss fregattmannskapet trudde dei var veldig nære land, kan du likevel forstå at dei svinga babord?

– Då er det jo endå grovare aktlaus navigering i forkant. Det å dra av farten var det første dei skulle ha gjort, seier Vågslid.

NRK sender kontinuerlig fra bergingsaksjonen av KNM «Helge Ingstad».

DIREKTE: NRK sender kontinuerleg frå bergingsaksjonen av KNM «Helge Ingstad».

SHT vil ikkje kommentera

Havarikommisjonen slår fast at tankskipet sitt bruk av dekkslys etter avgang frå Stureterminalen bidrog til at besetninga på fregatten ikkje såg navigasjonslanternene på «Sola TS».

– Ja, det kan ha vore vanskeleg. Men dette varte i 10–15 minutt frå tankskipet forlét terminalen. Bakgrunnslys er ei konstant utfordring i kystfarvatn. Men å slå det fast som fakta er ei fordreiing av saka. Det er rein tåkelegging og ikkje riktig, konstaterer Vågslid.

Statens havarikommisjon har fått tilbod om å kommentera kritikken frå den tidlegare underdirektøren i Sjøfartsdirektoratet. Det har dei takka nei til.

Sjøforsvaret seier til NRK at dei har tillit til politiet og havarikommisjonen sitt arbeid, og at dei heile vegen har hatt som målsetting å samarbeida med dei to aktørane. Sjøforsvaret har elles ingen kommentarar til denne saka.