Hopp til innhold

Eks-bondetopp kan bli symbolet på Sp-suksessen

Ikkje sidan EU-striden i 1993 har Senterpartiet gjort det betre. I fleire fylke ligg Sp på vippen til å auka talet på stortingsrepresentantar.

Nils T Bjørke, Kjersti Toppe, Trygve Slagsvold Vedum

TURNE: Nils T Bjørke, Kjersti Toppe, Trygve Slagsvold Vedum er på turné for å drive valkamp, og besøkte i dag Arna stasjon i Bergen.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

Om Stortingsvalet skulle avgjerast i dag ville meir enn éin av ti stemt på Senterpartiet. Det er dobbelt så mykje som for eit halvt år sidan.

– Me tek ingenting for gitt, men ei så god måling er ein veldig god start på valkampen, sa Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum då han parkerte turnébussen ved Arna stasjon i Bergen onsdag.

Vedum på kryss og tvers

Sp-leiaren har lagt bak seg eit forrykande halvår, og er i desse dagar på valkampturné gjennom alle Noregs 19 fylke. I juni noterte partiet årsbeste på Norstats måling.

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg trur folk flest ynskjer at tenestene skal vera nær folk. I diskusjonen om kommunereform og nasjonalt eigarskap har me vore ei tydeleg røyst, og så har regjeringa valt det motsette, seier Vedum og takkar dermed regjeringa for framgangen.

Etter den kraftige Sp-vinden som har herja sidan november i fjor, peikar dei fleste på Vedum som mannen som kan sikra Støre nøkkelen til statsministerbustaden.

På vippen i fleire fylke

Men i tillegg til statsrådspostar ligg Senterpartiet an til å vinna fleire plassar på Tinget.

Siste gjennomsnitt av målingar frå Poll of polls gir Senterpartiet to mandat i Hordaland. Høgre får tre og Framstegspartiet får to. Om utfallet blir det same etter valnatta 12. september, er Høgre sin posisjon i heimfylket til Erna halvert.

Og slik er tonen i fleire fylke (sjå tabell nedst i saka).

Dersom målingane frå juni er representative, vil Hordaland få to Sp-kandidatar på Stortinget for første gong sidan 1993. Tidlegare leiar i Noregs bondelag, vossingen Nils T. Bjørke, ligg an til å få plass på Løvebakken.

– Eg har stor tru på at Bjørke vil få plass på Stortinget, og trur han vil bli ein sterk nasjonal profil, seier Vedum.

Trygve Slagsvold Vedum i brun skinnjakke og lyseblå skjorte

BRA MÅLINGAR: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum leiar et parti som gjer det betre enn på lenge.

Foto: Erlend Jones Solfjeld / NRK

Sentrum vs. periferi

– Slik målingane ser ut no er Sp i ferd med å gjera sitt beste stortingsval på 24 år. Dei plukkar stemmer frå heile det politiske spekteret, men flest frå folk som før har stemt Ap og Høgre, seier Johan Giertsen, Høgre-mannen bak den partinøytrale målingsnettstaden Poll of Polls.

Giertsen seier det er lenge sidan debatten om sentrum-periferi har stått så sterkt i Noreg.

– Det er den eine saka Sp har mobilisert på. Veljarar som i fjor og tidlegare ville ha sagt H eller Ap, svarar no at dei vil stemma Sp.

Arbeidarpartiet går tilbake

Arbeidarpartiet, som går litt tilbake i juli, lekk fleire veljarar til Sp enn dei har gjort tidlegare, meier Giertsen.

Johan Giertsen

Johan Giertsen, Poll of Polls

Foto: NRK Brennpunkt

Men Vedum vil ikkje kommentera at Sp stel veljarar frå den potensielle regjeringspartnaren.

– Me er tydelege på at me ynskjer ei Ap/Sp-basert regjering over tid for å utjamna sosiale og geografiske skilnader. Til sjuande og sist er det opp til veljarane å bestemma kvar makta vil ligga.

Her kan Senterpartiet få nye mandat (noverande i parantes)

Akershus

1 (0)

Aust-Agder

0 (0)

Buskerud

1 (1)

Finnmark

1 (0)

Hordaland

2 (1)

Hedmark

2 (1)

Møre og Romsdal

2 (1)

Nordland

2 (1)

Nord-Trøndelag

1 (1)

Oppland

2 (1)

Oslo

0 (0)

Rogaland

2 (1)

Sogn og Fjordane

2 (1)

Sør-Trøndelag

1 (1)

Telemark

1 (0)

Troms

1 (0)

Vestfold

0 (0)

Vest-Agder

0 (0)

Østfold

1 (0)

Ekspander/minimer faktaboks