Hopp til innhold

Eivind skifta spor under krisa – no takkar han nei til jobbtilbod frå oljen

NYGÅRDSTANGEN (NRK): Opp mot 60.000 jobbar forsvann under oljekrisa. No fastslår Nav at arbeidsløyseproblema er borte på store delar av Vestlandet.

Eivind Farestveit Larsen

OMSTILLING: Eivind Farestveit Larsen forlét oljebransjen nokre månadar før selskapet han jobba i gjekk konkurs. I dag er han prosjektleiar i Bane Nor ved jernbanestasjonen ved Nygårdstangen i Bergen.

Foto: Simon Brandseth / NRK

– Eg har fått jobbførespurnader frå oljebransjen. Men eg trivst veldig bra i Bane Nor og har ein utruleg spennande jobb, seier Eivind Farestveit Larsen (31).

I 2016 hadde han fem år bak seg som prosjektleiar i leverandørfirmaet Reinertsen. Men krisa i oljen hadde slått inn for fullt.

Nokre månadar etter at Larsen sa opp, var firmaet konkurs.

Men trebarnsfaren var raskt tilbake i ny jobb som prosjektleiar i Bane Nor i Bergen.

– Vi var veldig mange om beinet. Det var tilfeldig at eg søkte meg hit, men eg angrar ikkje.

På riktig veg

Direktør for Nav Vestland, Anne Kverneland Bogsnes, fastslår no at effektane av oljekrisa i arbeidsmarknaden er over på store deler av Vestlandet.

– I dag er vi nede igjen på same arbeidsløysenivå som før krisa: 2,4 prosent av arbeidsstokken i Hordaland og Sogn og Fjordane. Det er lågt, seier Bogsnes.

Det betyr ein nedgang på 13 prosent i talet på heilt arbeidsledige i løpet av det siste året.

I oljefylket Rogaland går det litt treigare, men Nav seier ein no nærmar seg nivået før oljekrisa.

Frå mars i fjor til i år har talet på personar heilt utan arbeid gått ned med 1700 – ein nedgang på 22 prosent på eit år.

– Størst nedgang har Eigersund, med 43 prosent reduksjon i heilt arbeidslause. Det er svært gledeleg, seier direktør Merethe P. Haftorsen i Nav Rogaland.

Johan Sverdrup-feltet

STABILT: Arbeidsløysa på Vestlandet er nede igjen på same nivå som før oljekrisa slo inn. Mange frå bransjen har omstilt seg og funne seg jobbar i andre bransjar.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

60.000 stillingar forsvann

Alle har likevel ikkje fått vere med på oppturen, enno.

– Oljeselskapa tener pengar, men i leverandørindustrien er det meir krevjande. Særleg der det er mykje kapasitet, som i supplybåt-næringa, seier oljeanalytikar Kyrre Knudsen i Sparebank 1 SR-Bank.

Han meiner det var opp mot 60.000 stillingar som forsvann under oljekrisa. I løpet av 2019 spår han at 20.000 av stillingane har kome tilbake.

– Oljebransjen har vore gjennom ein naudsynt effektivisering. Noreg har no fleire bein å stå på. Kompetansen frå olje- og gassindustrien kjem til gode innan havbruk, fornybar energi og infrastruktur.

– Det er flott å sjå at kompetanse som blir frigjort i ein sektor, kjem til nytte i ein anna sektor, kommenterer Bogsnes i Nav Vestland.

Kyrre M. Knudsen

OPPTUR: Kyrre M. Knudsen i Sparebank 1 SR-Bank spår nokre prosents auke i aktiviteten på olje- og gass i 2019, og at det vil vera stabile forhold i bransjen dei neste åra.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Synlege resultat

Eivind Farestveit Larsen ser at det er gode tider i oljebransjen att. Fleire han kjenner har vendt attende, men for 31-åringen er det uaktuelt.

– Det er mykje spennande som skjer innan samferdsle på Vestlandet, og moglegheitene er mange, seier Larsen.

Han likar at prosjekta han no jobbar med er synlege for folk.

– Då vi kopla opp ein brønn på rekordtid i Nordsjøen, var det få som visste om det. No kan eg peike på det nye taket på Bergen stasjon og seie «det har eg vore med på». Det er fantastisk inspirerande.