Hopp til innhold

Framleis kritisk for gutt (1): Politiet undersøker om barnevogna blei brukt på riktig måte

Politiet har tatt beslag i barnevogna der ein gut fekk kritiske skader torsdag. – Me har god oversikt over kva som har skjedd, seier politiadvokat.

Akasia Paradis barnehage

GUT (1) KRITISK SKADD: Guten fall ut av ei barnevogn i barnehagen og blei hengande med ein stropp rundt halsen.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

I 12-tida torsdag blei ambulanse og politi varsla om ei ulukke i Akasia Paradis barnehage i Bergen. Ein eitt år gamal gut blei av tilsette i barnehagen funnen hengande med ei stropp rundt halsen etter å ha kome seg ut av barnevogna.

Guten fekk livreddande førstehjelp på staden og blei deretter sendt med ambulanse til Haukeland sjukehus. Tilstanden blei seinare på dagen omtala som kritisk.

Framleis kritisk

Fredag føremiddag melder Haukeland i ei pressemelding at guten framleis er kritisk skadd.

Administrerande direktør i Akasia, Ove-Christian Fredriksen seier dei tilsette og foreldre i barnehagen er sterkt prega av ulukka.

– Hendinga går sterkt inn på dei tilsette. Heldigvis er det sjeldan me opplever slike situasjonar. Våre tankar går til guten sine foreldre og andre pårørande, seier Fredriksen.

Politibil utanfor barnehage i Birkelundsbakken

ULUKKE: Ambulansepersonell jobba med førstehjelp på staden då politiet kom fram til barnehagen i Birkelundsbakken torsdag ettermiddag.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Vil undersøka om vogna blei brukt riktig

Politiet har oppretta undersøkingssak etter ulukka. Torsdag blei det gjort tekniske undersøkingar på staden og barnevogna blei tatt i beslag.

Politiet vil først og fremst undersøka om barnevogna er brukt på riktig måte, og sjekka om det er rutinar på korleis denne type barnevogn skal brukast, seier politiadvokat John Lode Roscoe i Vest politidistrikt.

Alle tilsette, inkludert leiinga i barnehagen, blei torsdag avhøyrde.

– Det blir ikkje gjort fleire avhøyr slik situasjonen er no, seier Roscoe.

– Ulukka skjedde innandørs

Politiadvokaten opplyser til NRK at barnevogna stod innandørs då ulukka skjedde.

– Men noko meir enn det vil eg ikkje gå inn på.

Ut frå det tilsette har sagt i avhøyr, veit de om barnet var under tilsyn då ulukka skjedde?

– Me har fått god oversikt over kva som skjedde, men eg vil ikkje gå ut med det. Det er for tidleg å gå ut med meir detaljar på dette tidspunktet. Det er med omsyn til etterforskinga, dei tilsette og pårørande i saka, seier Roscoe.

Sidan saka er ei undersøkingssak og ikkje ei straffesak, er ingen mistenkte eller sikta.

Politiadvokaten vil ikkje gå i detalj på kva type barnevogn det er snakk. Han seier dei vurderer å kontakta produsenten.

Held stengd fredag

Barnehagen held stengd fredag. Rundt 100 barn fordelt på fem avdelingar har plass i barnehagen. Dei i overkant av 20 tilsette får no tilbod om tett oppfølging.

– Det gjer me for å kunna følga opp dei tilsette på best mogleg vis, mellom anna ved å nytta oss av bedriftshelsetenesta. Alle som ynskjer det vil få tilbod om oppfølging i dag og gjennom heile helga, slik at me er klare til å opna på måndag, seier Fredriksen.

Vil undersøka barnevogna

Valdsavsnittet på Bergen sentrum politistasjon, som også har ansvar for undersøkingssaker og mistenkelege dødsfall i startfasen, etterforskar saka.

Leiar Sigrid Sverdrup seier dei brukar dagen på å legga ein plan for vidare etterforsking.

– Det blei gjort ein del på staden i går, og eg er ikkje kjend med at det skal gjennomførast fleire avhøyr i dag, seier Sverdrup.

– Vil de ta kontakt med barnevognprodusenten?

– Det vil eg ikkje kommentera no. Men det er naturleg at det blir ein del av etterforskinga, seier avsnittsleiaren.

Roger Valhammer

BYRÅD: Barnehagebyråd Roger Valhammer (Ap).

Foto: Marit Stensby / NRK

Barnehagebyråden: – Frykteleg trist

– Dette er frykteleg trist. Mine tankar går til familien til guten, og eg håpar verkeleg det går fint med han, seier barnehagebyråd Roger Valhammer (Ap) i Bergen.

Barnehagebyråden seier kommunen stiller alle sine ressursar til disposisjon for den private barnehagen og familien til guten etter ulukka torsdag.

– Det er vanskeleg å kommentera meir før politiet har etterforska ferdig, men for meg er det viktig å understreka at alle barn skal vera trygge i barnehagen i Bergen.