Hopp til innhold

Eittåring døydde etter å ha blitt påkøyrd ved heimen

ERDAL (NRK): Guten som blei påkøyrd på Erdal døydde av skadene. Ei kvinne er sikta etter hendinga.

Skilt med kjør sakte - barn leker i Skogveien i Erdal på Askøy

DØDSULUKKE: Det var i denne gata, Skogveien på Erdal, at ulukka skjedde ved guten sin heim. Bilen på biletet har ingenting med ulukka å gjere.

Foto: John Nøstdal / NRK

Det opplyser politiet i ei pressemelding måndag føremiddag.

Ulykka skjedde ifølgje politiet i samband med at ein bil skulle køyre ut frå ein parkeringsplass i området der guten bur.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 10.30, og naudetatar rykka ut til staden. Eittåringen blei kort tid etter frakta til akuttmottaket på Haukeland universitetssjukehus.

På sjukehuset døydde han av skadane.

Kvinne i 40-åra sikta

Bilen som køyrde på guten skal ha hatt låg fart då ulukka skjedde. Det meiner politiet etter dei første undersøkingane på staden.

Føraren av bilen er ei kvinne i 40-åra. Ho har status som sikta i saka, og har blitt fråteke førarkortet etter hendinga.

– Det skal ikkje vere nokon familierelasjon mellom guten og kvinna. Vi vil gjennomføre avhøyr med kvinna i tida framover, seier politiadvokat Mats Henriksen i Vest politidistrikt.

Politiet vil halde fram med etterforsking og avhøyr utover denne veka.

Både Statens vegvesen sin ulykkeskommisjon og krimteknikarar frå politiet jobbar med saka.

Følger familien tett

– Vi har sett i gong ein del tiltak for å følgje opp dei involverte og familiar, sa operasjonsleiar i Vest politidistrikt Terje Magnussen til NRK søndag.

Måndag har familien fått ein eigen bistandsadvokat og har fått ein kontaktperson hos politiet.

– Vi gjer det vi kan for å ta vare på familien, seier politiadvokat Henriksen.

Erdal Askøy