NRK Meny
Normal

Eitt felt opna etter at snøskred sperra E134

Europavegen over Haukeli har vore skredstengd eit par timer ved Austmannalitunnelen i Røldal. Nå melder Vegvesenet at eitt felt er opna.

Laster kart, vennligst vent...

Raset skal ha gått på vestsida av Austmannalitunnelen på E134 i Røldal.

– Vi slipper forbi trafikken i eitt felt og politiet dirigerer trafikken. Det er ikkje fare for nye skred, melder operatør Kristian Fauskan i Statens vegvesen til NRK klokka 16.35.

Snøraset skal ha gått like ved Austmannalitunnelen på E134 i Røldal. Vegen var først heilt stengt og brøytemannskap er på veg.

Det var først uvisst om det nokon var tatt av raset, men klokka 15.40 kan naudetatane bekrefte at ingen personar vart råka.

Uvisst når vegen kan opna

– Vi har fått melding om at det er på vestsida av tunnelen. Det skal vera mindre enn det ein først trudde, sa operasjonsleiar Vibeke Næss i Hordaland politidistrikt til NRK

Raset har gått delvis over vegen. Røde Kors vart også varsla og det vart send luftambulanse frå Bergen. Den kan no returnera.

Brøytemannskap jobbar no med å rydda vegen. Det er uvisst når vegen kan opna heilt igjen.

– Entreprenør er på plass og jobber med saka, seier operatør Fauskan.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Lervik
Forsvaret detonerte håndgranaten som onsdag ble funnet på parkeringsplassen ved legevakten.