Eitt år er gått sidan oktoberflaumen råka fire kommunar på Vestlandet hardt. Flaumen gjorde stor skade i Odda, Aurland, Voss og Lærdal og fleire hundre menneske vart evakuert då elvene gjekk langt utover sine breidder.
Bustadhus, garasjar, uthus, vegar og bruer vart vaska vekk av brutale vassmengder. Tusenvis av eigedommar fekk skader.
Ingen liv gjekk tapt, men i ettertid har staten betalt ut hundrevis av millionar i erstatning. Bygdene og byen som vart råka har brukt det siste året på å komma seg på fote igjen.
– Berre ei steinrøys igjen
Aller hardast råka av den store flaumen i fjor var Odda i Hardanger. Fem hus, ein buss og ein garasje vart feia vekk då Opo-elva skar seg gjennom Odda sentrum natt til 29. oktober 2014.
– Her var tomta. No er det berre ei steinrøys igjen, sukkar Jan Nordli.
Han tek NRK med tilbake til der huset hans stod før vassmengdene gjorde som dei ville for eitt år sidan.
Medan nabohusa forsvann, vart Nordli sitt hus delvis hengande i lause lufta. Til slutt måtte det rivast heilt.
– Skremmande
I kjellaren til Nordli budde ei kvinne og hennar sju år gamle dotter. Begge kom frå vassmengdene med livet i behald.
Minna frå det dramatiske døgnet i Odda sit framleis sterkt hjå dei som opplevde på nærast hald.
– Eg vart skremd då eg kom ned dagen etterpå, etter å ha blitt evakuert, og fekk sjå at nabohusa var heilt vekke medan mitt hus hang i lause lufta. Forferdeleg, skildrar Nordli.
Han og sambuaren ville ikkje tilbake til elva, og har gått i gang med å bygga nytt hus i nabokommunen Kvinnherad. Paret satsar på å flytta inn i den nye bustaden i april neste år.
– Det er trist å måtte flytta, men vi får utsikt. Og vi kjem oss vekk frå elva.
Mista nabolaget
Verner Eide speidar utover området rundt huset hans som no er blitt heilt opent. Vekke er nabolaget hans, skylt på fjorden av Opo-elva sine herjingar. Huset hans vart spart.
– No er Opo-elva næraste nabo. Det er veldig vemodig. No er det ikkje lys rundt huset mitt lenger. Det er fire hus som er vekke.
Men Eide fryktar ikkje ein ny flaum av den storleiken som var i fjor.
– Elva er blitt ein god del breiare og det er sikra skikkeleg. Eg er ikkje redd for elva i dag.