NRK Meny
Normal

– Trist å flytta, men vi kjem oss vekk frå elva

ODDA (NRK): I dag er det eitt år sidan oktoberflaumen som råka fleire bygder på Vestlandet. Jan Nordli mista huset sitt og måtte flytta frå heimbygda.

Jan, og kona og huset

MÅTTE RIVA: Jan Nordli og sambuaren Shirley sitt hus måtte rivast etter flaumen i fjor. No flyttar dei vekk frå elva – og vekk frå Odda.

Eitt år er gått sidan oktoberflaumen råka fire kommunar på Vestlandet hardt. Flaumen gjorde stor skade i Odda, Aurland, Voss og Lærdal og fleire hundre menneske vart evakuert då elvene gjekk langt utover sine breidder.

Bustadhus, garasjar, uthus, vegar og bruer vart vaska vekk av brutale vassmengder. Tusenvis av eigedommar fekk skader.

Ingen liv gjekk tapt, men i ettertid har staten betalt ut hundrevis av millionar i erstatning. Bygdene og byen som vart råka har brukt det siste året på å komma seg på fote igjen.

Gå til forsiden

Oktoberflaumen - eitt år etter

Opoelva

Oktoberflaumen - eitt år etter

10 bilder

    – Berre ei steinrøys igjen

    Aller hardast råka av den store flaumen i fjor var Odda i Hardanger. Fem hus, ein buss og ein garasje vart feia vekk då Opo-elva skar seg gjennom Odda sentrum natt til 29. oktober 2014.

    – Her var tomta. No er det berre ei steinrøys igjen, sukkar Jan Nordli.

    Han tek NRK med tilbake til der huset hans stod før vassmengdene gjorde som dei ville for eitt år sidan.

    Medan nabohusa forsvann, vart Nordli sitt hus delvis hengande i lause lufta. Til slutt måtte det rivast heilt.

    Jan Nordli i huset sitt

    HOL I HUSET: NRK var med då Jan Nordli fekk koma tilbake til huset sitt etter flaumen i fjor. Då var det eit stort hol gjennom stuegolvet ned til Opo-elva.

    Foto: Christian Kråkenes / NRK

    – Skremmande

    I kjellaren til Nordli budde ei kvinne og hennar sju år gamle dotter. Begge kom frå vassmengdene med livet i behald.

    Minna frå det dramatiske døgnet i Odda sit framleis sterkt hjå dei som opplevde på nærast hald.

    Flaum i Flåm

    FORSVANN: Dette bustadhuset måtte gi etter for dei store vassmengdene i Flåm i Aurland kommune.

    Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

    – Eg vart skremd då eg kom ned dagen etterpå, etter å ha blitt evakuert, og fekk sjå at nabohusa var heilt vekke medan mitt hus hang i lause lufta. Forferdeleg, skildrar Nordli.

    Han og sambuaren ville ikkje tilbake til elva, og har gått i gang med å bygga nytt hus i nabokommunen Kvinnherad. Paret satsar på å flytta inn i den nye bustaden i april neste år.

    – Det er trist å måtte flytta, men vi får utsikt. Og vi kjem oss vekk frå elva.

    NRK har fløyet over flomrammede Odda.

    Sjå skadane frå lufta etter oktoberflaumen i fjor.

    Mista nabolaget

    Verner Eide speidar utover området rundt huset hans som no er blitt heilt opent. Vekke er nabolaget hans, skylt på fjorden av Opo-elva sine herjingar. Huset hans vart spart.

    – No er Opo-elva næraste nabo. Det er veldig vemodig. No er det ikkje lys rundt huset mitt lenger. Det er fire hus som er vekke.

    Men Eide fryktar ikkje ein ny flaum av den storleiken som var i fjor.

    – Elva er blitt ein god del breiare og det er sikra skikkeleg. Eg er ikkje redd for elva i dag.

    Denne vinteren har vi fått oppleve et nytt norsk vær. Et farligere vær, som ekspertene mener kommer til å ta liv. Ifølge myndighetene bor så mange som 160 000 nordmenn på potensielt farlige steder. Likevel har ikke kommunene gjort sin lovpålagte jobb med å kartlegge sikkerheten vår. Møt fire familier som er tatt av været, og som må finne nye steder å bo. Og se hvor mange fylker som kan være farlige.

    Sjå Brennpunkt-dokumentaren "Tatt av været".

    Siste video

    Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
    Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
    Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo