Hopp til innhold

Einebustad overtent i Sveio

Brannmannskap har rykka ut til brann i ein einebustad i Sveio i ettermiddag. Bustaden er overtent. Det skal ikkje ha vore nokon i huset. – Med denne vinden er det ein risiko for spreiing, men neste hus ligg 50–100 meter unna, seier vaktleiar Kenneth Heigre ved 110-sentralen i Sør-Vest.