Einaste politi på jobb

Sakene tårnar seg opp for Bremanger lensmannskontor, skriv Fjordenes Tidende. Tenestadleiar Espen Gulliksen må ta seg av politioppgåvene aleine etter at to av politibetjentane blei flytta frå kontoret og til Florø. Gulliksen seier til avisa at saksbehandlingstida har gått opp etter at dei to stillingane vart kutta. No fryktar han at kuttet skal bli varig.

Espen Gulliksen, politiet i Bremanger
Foto: Raymond Lidal / NRK