Hopp til innhold

Ein skadd etter trafikkulukke

Ein person er skadd etter ein kollisjon mellom ein lastebil og ein personbil i Fløyfjellstunnelen, retning sentrum. – Det var ein person i kvar bil, og ein av desse er skadd. Me veit ikkje noko om omfanget endå, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt. Tunnelen er stengt i retning sentrum.