NRK Meny
Normal

Flydd til sjukehus med luftambulanse

Ein arbeidar fekk brotskadar i begge armane då arbeidsbordet han stod ved gjekk i lufta.

Fjellstrand Verft

ETTERFORSKAR: Politiet og arbeidstilsynet skal finne ut kvifor eit arbeidsbord gjekk i lufta på Fjellstrand i føremiddag. Ein arbeider blei skadd, og sendt til Haukeland sjukehus.

Foto: Bjørn Kjetil Hansen

Naudetatane rykka ut til Oma i Kvam, etter melding om ei arbeidsulukke på Fjellstrand Verft. Politiet fekk melding om ulukka klokka 09.45 måndag føremiddag.

– Vi fekk melding om ein eksplosjon på Fjellstrand. Vi veit ikkje omfanget. Brannvesenet er på staden og det er også sendt luftambulanse, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Hordaland politidistrikt.

– Knallgasseksplosjon

Etter at naudetatane kom fram til ulukkesstaden blei det klart at ein polsk arbeidar i 40-åra, hadde moglege brotskadar i begge underarmane.

– Han var medviten, og blei frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse, seier Magnussen.

Dagleg leiar Terje Sjumarken ved Fjellstrand Verft, fortel at det eksplosjonen skjedde under arbeid.

– Det har skjedd ein eksplosjon i forbindelse med kutting av aluminiumsplater på eit brennebord. Det ser ut til å vera ein gasseksplosjon i brennebordet, seier Sjumarken til NRK.

Arbeidstilsynet er varsla

– Det er aldri kjekt at det skjer uhell. Det skal ikkje skje, så vi må finne ut kvifor, og sørge for at det ikkje skjer igjen, seier den daglege leiaren.

Arbeidstilsynet er varsla, og vil finne ut kva og kvifor det skjedde. Det vil også politiet, som er på staden, og har oppretta sak på hendinga. Den daglege leiaren meiner verksemda fekk stadfesta beredskapen sin.

– Vi fekk stadfesta at industrivernet fungerer, at rutinane verkar. Men vi må undersøkje kva som har skjedd, seier Sjumarken.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås