Hopp til innhold

Person funnen omkomen etter brannen i Odda

Politiet trur det er den 56 år gamle kvinna som har vore sakna sidan søndag.

Ein person funnen omkomen etter brann i Odda

Ein person er funnen omkomen i huset som blei totalskadd i brann søndag morgon.

Foto: Tale Hauso / NRK

Tidleg søndag morgon braut det ut brann i eit bustadhus i Eitrheimsvegen i Odda. Det hadde vore fest i huset, og fem personar blei frakta til sjukehus.

Ein av festdeltakarane blei ikkje funnen, og har vore sakna sidan brannen. I dag gjorde politiet nye søk i den totalskadde bygningen.

– Vi kan stadfeste at vi har funne ein omkomen person. Vedkomande er sendt til Gades Institutt for obduksjon og identifisering, seier lensmann Terje Kvalvik like etter klokka 18.00.

Politiet meiner det truleg er snakk om den 56 år gamle kvinna som har vore sakna sidan søndag.

LES OGSÅ: Skal søke gjennom brannruinane i dag

Brann i Odda

Krimteknikarar kom seg ikkje inn i huset før måndag morgon fordi huset sto i fare for å kollapse etter brannen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Fare for kollaps

Grunna fare for at bygningen skulle kollapse har ikkje politiet fått gjort undersøkingar i huset før i dag.

– Vi var tvinga til å gjere ein del sikringsarbeid fordi takkonstruksjonen er så svak. Vegvesenet vil halde fram å regulere trafikken forbi branntomta, fordi deler av bygningen kan rase ned i vegen, fortel Kvalvik.

Krimteknikarar frå Bergen har arbeidd på staden saman med ein byggteknisk konsulent som var kalla ut for å vurdere tryggleiken.Det har også føregått avhøyr av av vitner og naboar.

– Vi kan ikkje seie noko sikkert om årsaka til brannen endå, seier Kvalvik.

Kraftig brann

Det var ein valdsam brann, mellom anna har ein bebuar i bygget fortalt om ein «vegg av flammar» som sto i mot han.

Meldinga om brannen kom tidleg søndag morgon. Alle dei fem som blei frakta til sjukehus er uskadde.

Personell frå kriminalteknisk seksjon i Vest politidistrikt, lokalt politi og brannvesen vil halde fram arbeidet også i morgon.