Hopp til innhold

Ein person erklært omkomen

Ein person er erklært omkomen etter ein bustadbrann i Salhusvegen i morgontimane i dag. Huset på tre etasjar sto i full fyr, og det var naboar som melde i frå. Den omkomne blei erklært død på staden. – Det var totalt sju personar i bygningen då den starta og brenne, og dei seks andre er evakuerte og uskadde, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen i politiet. Brannen blei sløkt like etter klokka fem.