Hopp til innhold

Mann (23) omkom etter å ha køyrd i tunnelveggen

Ein ung bilførar mista livet etter at han trefte fjellveggen i Stussvikhovdatunnelen i Kvinnherad natt til måndag. – Dette er litt uforklarleg, seier politiet.

Dødsulykke i Kvinnherad

GJER UNDERSØKINGAR: Statens vegvesen si ulukkesgruppe gjorde tidlegare i dag undersøkingar på staden.

Foto: Bladet Tysnes / Ingunn Gjærde

Klokka 03.22 natt til måndag fekk politiet melding om ei ulukke inne i Stussvikhovdatunnelen i Kvinnherad.

Ein bil hadde køyrd i tunnelveggen, og føraren vart tidleg omtalt som kritisk skadd.

Like før klokka 13 måndag stadfesta politiet at den mannlege føraren, som var åleine i bilen, er død. Dei næraste pårørande er varsla.

Laster Twitter-innhold

Ifølge bladet Tysnes var mannen 23 år gamal. Både helsepersonell og luftambulansen prøvde å gjenoppliva mannen, men lukkast ikkje.

– Ikkje bremsespor

– Det er ikkje noko bremsespor og lite skadar på bilen. Dette er litt uforklarleg, seier lensmann Lorentz Lunde i Fusa og Tysnes lensmannsdistrikt til avisa.

Bilen, som var på veg mot Tysnes, trefte veggen like ved tunnelopninga, og skal ikkje ha vore borti tunnelveggen fleire stadar enn der ulukka skjedde.

Føraren sat ikkje fastklemd då naudetatane kom til staden.

Vegen var stengd i fleire timar

Fylkesveg 49 vart stengd etter ulukka, men opna for manuell dirigering like etter klokka 06.30 måndag.

Klokka 10 vart tunnelen er opna for normal trafikk.

– Bilen er taua vekk, sa operasjonsleiar Terje Magnussen i politiet like etter.

Laster Twitter-innhold

Hadde ikkje høg fart

Det var ein forbipasserande som først melde frå om ulukka, og alle naudetatar rykka ut. Luftambulansen kom også til staden.

– Førebels veit vi ikkje kva som har skjedd eller korleis bilen hamna i tunnelveggen. Bilen skal ikkje ha hatt høg fart, men dette er noko som no vert undersøkt, seier Magnussen.

Statens vegvesen si ulukkesgruppe gjorde måndag ettermiddag undersøkingar på staden. Politiet har også oppretta sak.

bil i fjellvegg