Hopp til innhold

Ein del av U 864 er heva

Ein del av ubåten 864 vest av Fedje blei heva i dag tidleg.

Delen som laurdag blei heva er stativet til ein uzo, eit apparat for torpedopeilingar i overflatestilling.

Hans Petter Mortensholm

Prosjektleiar Hans Petter Mortensholm i Kystverket følgjer med på kva dei finn ved U 864.

Foto: Kjersti Knudssøn / NRK

– Det var viktig å heva denne delen fordi det dokumenterer at midtdelen av ubåten også er funnen, seier prosjektleiar Hans Petter Mortensholm i Kystverket.

Det har tidlegare vore diskutert om midtskipet låg ein anna stad.

Dette funnet dokumenterer saman med funnet av snorkel og teleskop at tårnet blei sprengt i filler og at vrakdelane ligg saman med hovuddelane.

Fann flytande kvikksølv

I går blei det også funne kvikksølvperler i sedimentprøvar frå havbotnen.

Kvikksølvperler

Desse kvikksølvperlene blei funne i havbotnen.

Foto: Sigurd Øxnevad/NIVA

– Dette er ein bonus for oss, seier prosjektleiar Mortensholm.

Kvikksølvet skal no analyserast slik at kvikksølv frå frå ubåten kan sporast i eventuell forureining i fisk og skalldyr.

Kystverket har vore på tokt vest av Fedje i litt over ei veke. Det er ikkje funne ekstremt høge verdiar av kvikksølv i delar eller prøvar som så langt er tatt om bord.

SJÅ VIDEO FRÅ VRAKRESTANE AV UBÅTEN:

Bildene er så tydelig at de kan se tøyduker og kartlegge havbunnen i 3D.

LES OGSÅ: Fedje-ubåt undersøkes nok en gang

Nye og betre videobilete bidrar til å gjera Kystverket sitt arbeid ved ubåten lettare .