Lærlingar ber bedriftene skjerpe seg

Berre to av tre søkjarar fekk godkjend læreplass i fjor. Anne Lene Svendsen er ei av dei heldige. – Eg veit ikkje kva eg hadde gjort viss eg ikkje hadde fått dette tilbodet, seier ho.

Anne Lene Svendsen

LÆRLING I BKK: – Eg hadde blitt veldig skuffa dersom eg ikkje hadde fått lærlingplass, seier Anne Lene Svendsen.

Ein må tenkja at ein er del av eit utdanningssystem, og ikkje berre vera ute etter å rekruttera kortsiktig arbeidskraft.

Torbjørn Mjelstad, fagopplæringssjef i Hordaland

Instruktør Sjur Dale spenn klatretauet godt fast til lærling Anne Lene Svendsen.

Over oss ruvar BKK si øvingsmast over 20 meter til vêrs. Masta er av den nest største typen. 300 kilowolts. Berre dei såkalla monstermastene i Hardanger er større.

Anne Lene Svendsen

PÅ VEG OPP: Anne Lene Svendsen utdannar seg til å bli energimontør.

– Det blir spennande, eg får sjå kor langt opp eg kjem, seier Svendsen.

Kun to av tre får godkjend plass

Klatringa er ein del av eit firevekers kurs 20 nye engergimontørlærlingar i kraftselskapet må gjennom. Til saman har BKK i haust 53 lærlingar.

Men slett ikkje alle yrkesfagelevar er like heldige. I fjor søkte over 24.000 ungdommar læreplass i Noreg. Berre 16.500 fekk godkjent plass.

Ifølgje Utdanningsdirektoratet er etterspurnaden også i haust langt større ein talet på læreplassar. Men direktoratet ser ei lita betring i høve til tidlegare år.

– I år er situasjonen litt betre enn i fjor. Vi har positiv utvikling i nokre fag, mellom anna innanfor elektrikarfaget, som vi har hatt problem med over lang tid. Men når det gjeld andre fagområde, har vi framleis nokre utfordringar, seier fagopplæringssjef Torbjørn Mjelstad i Hordaland.

– Utruleg stort fråfall

Lærlingane er viktige i mange bransjar. Både som kortsiktig arbeidskraft, men også for å få rekruttert permanent tilsette. Det gjeld spesielt i kraftbransjen, som slit med stadig høgare snittalder hjå montørane.

Knut Fossdal Århus

AVDELINGSLEIAR: Knut Fossdal Århus i BKK.

– Vi har no utruleg stort fråfall av folk som går ut i pensjonisttilværet. Å auka talet på nytilsette er rett og slett utruleg viktig for bransjen, seier avdelingsleiar Knut Fossdal Århus i BKK.

Difor har selskapet i år tatt inn 20 nye lærlingar, dobbelt så mange som tidlegare.

– Vi har tatt inn 17 gutar og tre jenter. Neste år har vi planar om same tal, og forhåpentleg litt fleire jenter. Vi manglar folk, konkluderer Fossdal Århus.

– Bedriftene må skjerpe seg

På BKK sitt trafoanlegg på Tangeland i Arna har Anne Lene Svendsen igjen fått bakkekontakt. Rundt oss strekkjer kraftlinjene seg i fire himmelretningar.

– Eg søkte mange stader, og det var berre BKK som svarte. Så hadde eg ikkje søkt hjå BKK, trur eg det kunne blitt veldig vanskeleg, seier Svendsen om moglegheitene for å få læreplass.

Anne Lene Svendsen og Kristoffer Skjerve

LÆRLINGAR: Anne Lene Svendsen og Kristoffer Skjerve.

Eit tilbod som ein av tre norske ungdommar altså ikkje fekk i fjor. BKK-lærlingen meiner bedriftene må bli flinkare.

– Dei må skjerpe seg og ta inn lærlingar. Lærlingar er sunt for ei bedrift, meiner Svendsen.

– Måtte funne meg ein annan jobb

Fagopplæringssjef Torbjørn Mjelstad er einig. Han meiner likevel også det er viktig at bedriftene har eit langsiktig perspektiv når dei tek imot lærlingar.

– Ein må tenkja at ein er del av eit utdanningssystem, og ikkje berre vera ute etter å rekruttera kortsiktig arbeidskraft, seier Mjelstad.

Svendsen anar ikkje kva ho skulle brukt året til dersom tilbodet om lærlingplass frå BKK hadde dukka opp.

– Nei, det veit eg ikkje. Eg ville blitt veldig skuffa. Eg søkte meg ikkje inn på VG3, så eg måtte vel funne meg ein annan jobb, seier Svendsen.