Hopp til innhold

Ein av fire unge snakkar ikkje om psykiske problem

Unge slit meir enn før, men mange let vere å fortelje andre om det, viser ei fersk undersøking. – Det er framleis mykje skam, seier Siri Oldervik (22).

Siri Oldervik

PRESS OG STRESS: Siri Oldervik fortel om ei vanskeleg ungdomstid, der ho kjende på press frå fleire kantar. – Det verka som at alle andre fekk gode karakterar, gjorde mykje sosialt og såg bra ut heile tida. Til slutt nådde eg eit brestepunkt.

Foto: Elise Farestveit / NRK

– Ein føler at ein har «faila litt», er mislukka eller har gjort noko gale, og er redd for at andre skal bagatellisere det, seier Siri Oldervik.

22-åringen frå Moss er i dag student ved Universitetet i Bergen og leiar i Bergen Røde Kors Ungdom. Men bak seg har ho ei ungdomstid som gjer vondt å tenke tilbake på.

– Eg var spesielt oppslukt av karakterar på skulen. Eg grein viss eg ikkje fekk ein seksar på prøvane. Der og då kjendest det som det viktigaste i verda. I dag ser eg jo at det ikkje var heilt slik, seier Oldervik.

Ei ny undersøking viser no at mange unge har det på same måte, og kvir seg for å fortelje det til andre.

– Ein alvorleg vekkar

I undersøkinga, som er gjennomført av Respons Analyse for Røde Kors, har unge mellom 16 og 18 år mellom anna blitt spurde om korleis dei opplever kvardagen.

På spørsmål om kven ungdommane pratar med om ting dei synest er vanskeleg, svarar ein av fire at dei ikkje snakkar med nokon.

– Dette er ein alvorleg vekkar, seier generalsekretær Bernt Apeland i Røde Kors.

Kven går du først til dersom du treng å snakka med nokon om ting du synest er vanskeleg?

Vener

38%

Foreldre/familie

28%

Eg heldt problema for meg sjølv

25%

Andre

5%

Veit ikkje

2%

Helsesøster

1%

Hjelpelinjer/chat-teneste

1%

Lærarar

0%

Trenarar

0%

Kjelde: Respons Analyse for Røde Kors

I undersøkinga kjem det også fram at mange helsesøstrer må avvise ungdom som slit, fordi dei sjølv er overbelasta.

– Samla dannar dette eit dystert bilete. Det å samanlikne seg med kvarandre på ei rekke ulike arenaer er blitt ei trend som gjer at mange stikk seg inn i sitt eige skal. Det må vi snu, seier Apeland.

Fleire slit psykisk

– Det kan vere press frå skulen eller heimanfrå, og så ser ein mykje i sosiale medium som ein samanliknar seg med. Til slutt blei det litt mykje for meg, seier Oldervik.

Som 15-åring innsåg Oldervik at ho måtte ta grep om situasjonen. Med nokre dytt bak frå ein far i helsevesenet, fekk ho til slutt hjelp hjå ein psykolog.

– Eg synest det var verdas undergang. Eg fekk til og med ein avtale om å gå inn bakdøra hjå psykologen, slik at ingen skulle sjå meg, fortel Oldervik.

Tal frå Ungdata (ekstern lenke) viser at talet på sjølvrapporterte psykiske plager og lidingar blant unge aukar. 43 prosent av vidaregåande elevar oppgir at dei i løpet av den siste veka har opplevd at «alt er eit slit».

Bernt Apeland

UROA: Generalsekretær Bernt Apeland i Røde Kors er uroa over svara i undersøkinga, der det mellom anna kjem fram at mange har store problem og opplever forventningspress både frå seg sjølv, heimen, skulen og dei rundt seg.

Foto: Marit Kolberg / NRK

Eit av Røde Kors sine tilbod for å bidra til å betre situasjonen til unge som slit, er Fellesverket – ein møtestad for unge med leksehjelp, mat og ein stad å vere på ettermiddagen.

Tilbodet finst i Bergen, Oslo, Sandvika, Trondheim, Ålesund, Tønsberg, Drammen og Porsgrunn.

– Mange har det travelt i kvardagen, både foreldre, venar og andre på skulen. Her møter ungdom frivillige som har tid, seier prosjektleiar for Fellesverket i Bergen, Per Hansen.

Per Hansen

VIL HJELPE: Per Hansen, som er prosjektleiar for Fellesverket i Bergen, seier det er mange frivillige der som gjerne vil prate med ungdom – anten dei har psykiske problem eller ikkje. Onsdag markerer tilbodet i Bergen eittårsdag. – Vi har gjort oss gode erfaringar og er godt besøkt, fortel Hansen.

Foto: Elise Farestveit / NRK