Hopp til innhold

Ein av desse åtte vinn Symesterskapet

I realityserien Symesteskapet stiller åtte av Noregs fremste amatørsyarar til start.

Symesterskapet sesong 2

KJEMPAR MOT KVARANDRE: Alle har som mål å vinne Symesterskapet. Men til slutt kan berre ein stå igjen som vinnaren og tittelen Noregs beste amatørsyar.

Foto: Tore Zakariassen / NRK

I løpet av sju episodar må deltakarane skape dei vakraste plagg, handtere dei vanskelegaste stoff og kompliserte mønster, i ein konkurranse der tida alltid er deira verste fiende. Ein etter ein må dei forlate konkurransen før ein vinnar står att til slutt.

Det blir tårer og jubel, nederlag og sigrar og hundrevis av flotte klesplagg når Noregs beste amatørsyar skal kårast i Symesterskapet. Her blir du betre kjent med dei åtte deltakarane:

Desse kjempar om å bli Noregs beste

Ida (18) frå Trondheim

Ida Symesterskapet

Ida har ein draum om å bli verdsberømt designer. Foreldra hennar meiner at ho heller bør satse på noko som gir sikker inntekt, for eksempel. Men Ida er sta og har sett seg som mål å vinne Symesterskapet. Ho vil vise for seg sjølv og foreldra at designerdraumen kan bli verkeleg.

Eva (26) frå Asker

Eva Symesterskapet

Eva bur i ei lita leilegheit med mann, barn og fire symaskiner. Ho har sydd sidan tenåra, for livet som ung og truande mormon gjorde at ho ønskte seg vakre plagg som også var anstendige og passa hennar stil. Eva er perfeksjonistisk og ho har vanskeleg for å kompromisse, men kor langt kjem ho i konkurransen viss plagga aldri blir ferdige? Les Eva sin blogg her.

Marius (47) frå Bærum

Marius Symesterskapet

Marius er godt synleg, for yndlingsfargen hans er gul. Han er kunstutdanna, men jobbar som miljøarbeidar. På skulen hata han handarbeid, men ein vikarlærar tente sy-gnisten då han fekk i oppgåve å designe si eiga bukse. Marius er stilsikker og kreativ, men også eigenrådig og ganske vimsete, ein artig miks av eigenskapar i møte med tidspress og kritiske dommarar.

Heidi (49) frå Lakselv, bur i Sørum

Heidi Symesterskapet

Heidi er ein impuls-syar som elskar at det går fort, ho hatar å stryke og knappenåler brukar ho ikkje.

Ho likar å sjå resultat av det ho gjer og er ein reser på gjenbruk og redesign. I plagga ho syr legg Heidi alltid igjen ein del av sitt samiske opphav, det er hennar signatur. Med Heidi går det unna, men går det for fort? Les Heidi sin blogg her.

Aina (30) frå Aurskog

Aina Symesterskapet

Aina er småbarnsmor og faglærar i kunst og handverk. Ho er ei driftig dame som har som motto «kvifor kjøpe når ein kan lage ting sjølv». Ho syr kvardagsplagg både til seg sjølv og dottera, men er utanfor komfortsona i møte med chiffong og silke. Aina klarer sjelden å følge et mønster, hun ender ofte opp med å gjøre ting på sin egen måte. Les Aina sin blogg her.

Judith (28) frå Australia og Bergen

Judith Symesterskapet

Judith har norsk mor, men har budd mesteparten av livet i utlandet. Ho har sydd sin eigen bunad og blei overraska då ho flytta til Noreg og oppdaga at ikkje alle her til lands gjorde det. Judith er spesielt glad i 50-tals kjolar, og ho hatar å sy i stretchstoff. Det gir ho ein tøff start på konkurransen. Les Judith sin blogg her.

Viktoriya (47) frå Ukraina, bur i Etne

Victoriya Symesterskapet

Viktoriya kjem frå Ukraina og har tidlegare jobba ho i det ukrainske tollvesenet.

No bur ho på ein liten stad på Vestlandet og jobbar på den lokale bensinstasjonen. Viktoriya lærte å sy av bestemor si alt då ho var sju år gammal. No drøymer ho om eit liv der ho kan leve av å sy.

Yngvar (52) frå Søgne

Yngvar Symesterskapet

Yngvar er tidlegare seglmakar busett på det vakre Sørlandet. Han blir lett inspirert og likar godt å omgje seg med gammalt fint handverk, såpass at han no har sjølvpålagt kjøpestopp i den lokale bruktbutikken. I konkurransen har Yngvar som strategi å ikkje stresse. Han vil skunde seg langsamt for då gjer han ikkje feil. Men kva skjer når han må forte seg?