Hopp til innhold

Ein av 15 køyrer med for dårleg syn

Ein av femten bilistar har opplevd farlege situasjonar på grunn av synet, viser ei ny undersøking. – Folk som køyrer bil må ha respekt for kor viktig synet er, seier kommunikasjonssjefen i Norges Automobilforbund.

Dårlig syn i trafikken

MANGE KØYRER BIL MED DÅRLEG SYN: Ein av femten har opplevd farlege situasjonar på grunn av dette i trafikken viser ny undersøking.

Foto: Scanpix

Inger Elisabeth Sagedal

– SKREMMANDE: Når folk passerer 40 år bør dei bli flinkare til å sjekke synet sitt, seier kommunikasjonssjef Inger Elisabeth Sagedal i NAF.

Foto: Erik Norrud / Norges Automobilforbund

– Det å sjå godt er ein viktig del av det å køyre bil. Det skjer noko når du passerer 40 år, og då bør du sjekke synet minst annakvart år, seier Inger Elisabeth Sagedal som er kommunikasjonssjef i NAF.

Ei større spørjeundersøking gjort av NAF og Specsavers viser blant anna at ein av tre ikkje har sjekka synet på fleire år.

– Når du blir 50 år bør du sjekke synet kvart år, og det skremmer oss at mange bilistar ikkje sjekkar synet jamleg, seier Sagedal.

– Eldre har for dårleg syn

Paal Arne Nævdal

ÅRLEG SYNSTEST: Optikar Paal Nævdal meiner at alle over 70 år burde ha ein årleg synstest for å finne ut om dei har godt nok syn til å køyre bil.

Foto: Privat

I januar i fjor vart øvre grense for kontroll av helse og syn for sjåførar heva frå 70 til 75 år, og då frykta Norges optikerforbund at eldre ville skape fleire ulykker.

– Me ynskjer i utgangspunktet at alle over 70 år får ein kontroll hos optikar i alle fall ein gong i året, og sjølv om grensa er sett til 75 før dei må til fastlegen sin, så kan ein ta ansvar sjølv, seier optikar Paal Nævdal i Norges optikerforbund.

I forbindelse med Verdens synsdag 9. oktober, set Nævdal ekstra fokus på trafikk, syn og eldre.

– Med fleire bilar på vegen og eit tettare trafikkbilete, så vil det medføre ei auke i talet på ulykker, seier Paal Arne Nævdal i Norges optikerforbund.

Bør sjekkast jamleg

Helseattestar for eldre over 75 skal ligge i bilen, og i tillegg til helseattest må dei innom Statens vegvesen for å få ferda ut nytt førarkort. Slike helseattestar kan ha varigheit frå eitt til fem år.

– Det er mange eldre som ikkje vil innrømme at dei har for dårleg syn, men eg trur kanskje at familiemedlemmer må inn på banen her for å sjekke om foreldra er skikka til å køyre, seier optikar Paal Nævdal.

Han får medhald hjå kommunikasjonssjef Inger Elisabeth Sagedal i NAF.

– Me anbefaler vaksne å sjekke synet jamleg, og har du blitt over 40 år, så må du berre sette i gang og gjere det systematisk, minst annakvart år, seier ho.

– Vanskeleg å merke sjølv

Paal Nævdal seier det er mange teikn som kan tyde på at sjåførar ser for dårleg.

– Nokre teikn kan til dømes vera at det er vanskeleg å justere hastigheit inn i kryss, dei vurderer trafikken annleis, og dei køyrer feil, og ein peikepinn kan vere om ein lar sine eigne barn sitte på når besteforeldra køyrer, seier han.

Sjølv om det kan vere vanskeleg å ta opp at synet til ein far eller ei mor er dårleg, så meiner Nævdal at det er best å gjere det så tidleg som mogeleg, allereie før foreldra kjem i 70-årsalderen.

– Mange eldre får eit snikande tilløp til forskjellige augesjukdommar som gjer det vanskeleg for dei å sjølv vurdere om dei er skikka til å køyre i trafikken, seier Nævdal.

– I tillegg til dette får eldre ei dårlegare evne til å tolke fart og rørsleretning, nedsett djupnesyn, dårlegare kontrastsyn, og dei får eit smalare synsfelt med åra, utan at dei er klar over det sjølv, seier han.

Ta eigen-test

Kravet for å kunne få lov til å køyre bil i Noreg, er at ein skal kunne lese eit bilskilt på minimum 20 meters avstand. Inger Elisabeth Sagedal i NAF seier bilistar kan ta eigentest på kor godt synet deira er.

– Viss du har NAF sin gamle tresekunders regel, held ein fart på 40 kilometer i timen, og viss du då klarar å lese skiltet på bilen framføre, så ser du godt nok, seier ho.

– Viss du ikkje klarar det, så må du sjekke synet ditt, legg ho til.