NRK Meny

Eikefet kan få deponi

Det vert arbeida med planar om eit stort avfallsdeponi på Eikefet, skriv Strilen. Oster Pukk og Sand er pålagd å fylla igjen det store holet i fjellet etter det gamle steinbrotet på Eikefet, og firmaet Lindum AS planlegg no å fylla att krateret med avfallsmassar. – Deponiet vil vere i drift i mange år til holet i fjellet er fylt opp, og dette vil truleg skapa ein del arbeidsplassar, seier prosjektleiar Arnfinn Førsund til avisa. Saka er ute på høyring fram til nyttår.

Eikefet
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Siste video

Hjemmesykepleien i Bergen bytter nøkler med elektronisk lås.
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.