NRK Meny
Normal

Denne tomta er kjernen i korrupsjonssaka

Det er nesten 25 år sidan eit område i Åsane vart sett av til idrett. Politiet meiner to forretningsmenn har betalt ein bystyrepolitikar for å få hjelp til å omregulere området til næring.

Det er nesten 25 år sidan eit område nord for Åsane i Bergen vart satt av til idrett. Politiet meiner to forretningsmenn har betalt ein bystyrepolitikar for å ordne det slik at området vert regulert til næring.

SJÅ VIDEO: Slik hamna eit motorsportsenter midt i ein korrupsjonssak med forretningsmenn, politikarar og store pengesummar involvert.

Trude Drevland

Ordførar i Bergen, Trude Drevland (H), gjekk måndag sjølv ut med namnet på politikaren som er sikta i korrupsjonssaka.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Det er no fire dagar sidan korrupsjonssaka slo ned som ei bombe i det politiske Bergen. Laurdag vart det kjent at to næringsdrivande saman med bystyrepolitikar Jan Sverre Stray (H) var arrestert av politiet og sikta for grov korrupsjon.

Etter fleire dagar med omfattande presseomtale gjekk ordførar Trude Drevland sjølv ut på måndag og sa at det var kollegaen frå hennar eige parti som var sikta.

Dei tre er mistenkt for å prøve å påverke den politiske behandlinga av ei større tomt i Åsane, ved å betale pengar under bordet.

Kamp om tomteland

Det er fleire som har interesserer i området nord i Åsane. Ein del av tomta som dei to sikta forretningsmennene eig, har sidan 1999 vore leigd av Eikås motorsportsenter. Leiinga ved motorsportsenteret er avhøyrt som vitne av politiet.

Slik hamna Bergen sitt einaste motorsportanlegg midt i korrupsjonssaka. Det er eit spel om regulering av tomteland på og ved anlegget som er bakgrunnen for heile saka.

For nesten 25 år sidan vart området regulert til idrett. Men dei to forretningsmennene har hatt eit ønskje om å få delar av tomta regulert frå idrett til næringsverksemd. Det vil føra til ei kraftig auke i verdien på området og kan gi dei to eigarane milliongevinst.

Saka held fram under videoen

Jan Sverre Stray - H

Bystyrepolitikar Jan Sverre Stray (H).

Foto: Rolf Hordnes

Den eine av dei to sikta skal ha tatt kontakt med bystyrepolitikaren Jan Sverre Stray. Politikaren frå Åsane arrangerte så eit møte mellom forretningsmennene og byutviklingsbyråd Filip Rygg (KrF), idretts- og næringsbyråd Gunnar Bakke (Frp) samt leiaren for komité for miljø- og byutvikling, Dag Skansen (H).

Meiner det var sponsorstøtte

59 år gamle Stray frå Åsane har vore dagleg leiar i barne-tv-selskapet Vennebyen. Dei to forretningsmennene skal ha overført 100 000 kroner til Vennebyen sitt arenashow i Vestlandshallen i fjor.

Stray meiner pengane er rein sponsorstøtte til Vennebyen, men forretningsmennene skal etter det NRK kjenner til sjølv meint at det var pengar dei betalte for å få regulert tomta sin i Åsane.

Alle dei tre sit fengsla men har anka for å sleppe vidare varetektsfengsling. Ei avgjerd om ankane kjem tidlegast torsdag, får NRK opplyst av Gulating lagmannsrett.

Sette av millionar til utviding

Sidan opninga i 1999 har motorsportsenteret nytta området til bilsportarrangement. Ifølgje nettsidene til Norsk Moto Klubb Bergen (NMK), som driftar bana, er også NAF, diverse køyreskular og andre bilklubbar inne som brukarar av anlegget.

Då det vart vedteke å byggje Eikåstunnelen frå Vågsbotn i 2011, klaga NMK på at den nye vegløysinga på nordsida ville redusera deira areal. NMK fekk støtte av Hordaland fylkeskommune, som varsla protest mot planane som ville berøre det «regionalt viktige» bilsportanlegget. NMK og fylkeskommunen kom til semje med vegvesenet.

I saka om den nye tunnelen gjekk byrådet i Bergen også inn for å regulera eit større areal til motorsportsenteret, og støtta seg på idrettsplanen for 2010–2019. Fem millionar kroner var sett til utvikling eller utviding av anlegget ved å kjøpa nabotomter.