NRK Meny

Eikanger-Bjørsvik vann EM

Eikanger-Bjørsvik Musikklag gjekk heilt til topps i EM i brassband i Oostende i Belgia seint laurdag kveld. Etter at pliktnummeret og det sjølvvalde stykket var unnagjort, meinte EBML-dirigent Reid Gilje at brassbandet frå Knarvik kunne kniva om tittelen. Han fekk rett i spådommen. Dermed har brassbandet vunne EM for første gong sidan dobbeltsigeren i 1988 og 1989.

EBML vant EM
Foto: Privat