Hopp til innhold

– Eit einaste stort slektstreff

Eikanger-Bjørsvik forsvarte tittelen i poengdrama, medan Nordhordland-nabo blei dytta ned på 3.-plass i brass-NM. – Eit vanvettig høgt nivå, seier Manger-styreleiar.

NM i brassband i Grieghallen i Bergen.

NM I BRASS: 79 korps deltok i NM i brass i Grieghallen i Bergen. 10 korps kjempa om NM-tittelen i eliteklassen.

Berre eit kvart poeng skilte dei to beste elitekorpsa i brass-NM i Grieghallen i går.

Eikanger-Bjørsvik kneip sigeren berre eit kvart poeng framfor Stavanger Brass Band.

Slo Stavanger med knappast mogleg margin

– Heilt sjukt, jubla styreleiar Stig Rydland då korpset hans tok mot pokalen seint laurdag kveld.

Eikanger-Bjørsvik Musikklag

NOREGSMEISTRAR: Eikanger-Bjørsvik vann eliteklassen i NM i brassband.

Foto: Norges Musikkorps Forbund

Korpset frå Nordhordland gjennomførte pliktnummeret med glans på fredagskvelden, og sikra seg 95 av 100 moglege poeng. Og i sjølvvalsdelen laurdag kveld imponerte korpset eit fullsett konserthus med respektable 97 poeng for framføringa «Fraternity» av Deleruyelle.

Laget frå Stavanger fekk 95,5 poeng for pliktnummeret og 96 poeng for sitt sjølvvalde stykke. Skilnaden kunne difor ikkje ha vore mindre.'

– Det viser seg ofte at det blir sånn. Det var like spanande i fjor, seier nestleiar Viggo Bjørge i Eikanger-Bjørsvik.

Nordhordlands-korpset vann NM-tittelen fire år på rad, før Stavanger vann i 2015.

– Når ein lukkast så mange gongar er det ikkje sånn at presset minkar. Me har jobba veldig med å vera klare mentalt når me skal spela. Det gjeld å prestera når det gjeld, seier Bjørge.

Manger Musikklag tok tredjeplassen, og dermed blei dei tre første plassane sikra av same band som i fjor.

Tre korps peprar pallen

– Me vil helst enda opp på toppen, men det er no ein gong ein konkurranse, seier styreleiar Nils Arne Træland i Manger Musikklag.

Manger har sikra seg andreplassar i fleng dei siste åra, men måtte dette året sjå seg slått av både Eikanger-Bjørsvik og Stavanger Brass Band. Korpset fekk 93,5 poeng, eit halvt poeng meir enn Bjørsvik på 4.-plass.

NM i brassband 2017

TREDJEPLASS: Manger Musikklag fekk det som har blitt den sure 3.-plassen. – Me vil helst gå inn på toppen, men det er no ein gong ein konkurranse, seier styreleiar Nils Arne Træland.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

– Det er som eit einaste stort slektstreff med eit vanvettig høgt nivå. Det er den same gjengen som knivar om topplasseringane, men i år kom me aldri heilt opp på det nivået me hadde håpa på.

For NM-tittelen i eliteklassen har i mange år utelukkande dreia seg om tre lag.

– «Anger-korpsa» har pepra pallen, men det er ingen tvil om at Eikanger-Bjørsvik har knekt ein kode me ikkje har klart. Dei viser igjen at dei er bandet å slå.

I slutten av april skal Eikanger-Bjørsvik representera Noreg i EM.