NRK Meny
Normal

Her reiser høgresida seg for eigedomsskatten

Ap og SV meiner for mange bergensarar må betala eigedomsskatt med høgresida sitt vedtak i bystyret i dag. – Deira forslag er ei julegåve til hushaiane, svarar Framstegspartiet.

Bystyret i Bergen stemmer for eiendomsskatt

RØYSTA FOR: Høgre og Frp fekk fleirtal for sitt budsjett der dei på ny innfører eigedomsskatt i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Onsdag ettermiddag vedtok bergenspolitikarane bybudsjettet for 2014. Blant dei som vil merka mest til dei politiske prioriteringane, er dei som eig bustad i byen.

Gravstøtte eiendomsskatt Bergen

GRAVSTEIN: Fjerninga av eigedomsskatten blei feira med «gravferd». No er skatten tilbake.

Foto: Huseiernes Landsforbund

Etter tre år utan eigedomsskatt, skal innbyggarane i vestlandshovudstaden neste år samla betala 536 millionar i eigedomsskatt. Eit samla bystyre går inn for skatten, men er usamde om fordelinga av skattebyrda.

– Dette er noko me slettes ikkje likar, men me gjer det for å vera ansvarlege. På same tid understrekar me at skatten skal vekk så snart økonomien tillèt det, seier Høgre sin gruppeleiar Dag Skansen.

Han vedgår at vedtaket er på kollisjonskurs med byrådsplattformen til Høgre og Framstegspartiet.

Vedlikehaldsetterslepet i bergensskulen er ein viktig grunn til at byrådspartia ser det som naudsynt å henta tilbake skatten dei same partia gjekk til val på å fjerna.

Etter forhandlingar med KrF, Venstre og Byluftlisten går Høgre og Frp inn for ein skattesats på 2,6 promille.

For at dei minste og rimelegaste bustadane skal sleppa rimelegare unna vert botnfrådraget auka til 750.000 (sjå faktaboks). Dei andre opposisjonspartia ønskjer eit høgare innslagspunkt.

– Trur dei skammar seg

I januar 2012 deltok representantar frå Høgre og Framstegspartiet på Huseiernes Landsforbund si markering av fjerninga av bustadskatten. Der vart vedtaket med fyrverkeri, kake og ei gravstøtte med teksten «Eiendomsskatt – hvil i fred».

– Eg trur jo faktisk at høgresida skammar seg litt over at dei feira med sjampanje og fyrverkeri, no når realitetane har innhenta dei, seier Arbeidarpartiet sin gruppeleiar Harald Schjelderup.

Meiner for mange må betala

Oddny Miljeteig og Harald Schjelderup under budsjettdebatten i bystyret

KRITISKE: Venstresida, her representert ved Harald Schjelderup (Ap) og Oddny Miljeteig (SV), ønskjer at dei med dei minste bustadane skal sleppa eigedomsskatt.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Opposisjonen i Bergen har heile tida kritisert at bystyrefleirtalet fjerna skatten. No er dei paradoksalt nok kritiske til at for mange bergensarar må betala bustadskatt.

– Ein må jo minna om at dei borgarlege legg seg på eit skattenivå som opposisjonen aldri tidlegare har lagt seg på i dei alternative budsjetta. Me ønskjer eit høgare botnfrådrag, slik at dei som eig dei rimelegaste bustadane slepp unna, seier Schjelderup, som likevel totalt sett vil krevja inn meir i eigedomskatt enn dei borgarlege partia.

Også Oddny Miljeteig frå Sosialistisk Venstreparti hevda under budsjettdebatten at skatteinnkrevjinga kunne vore langt meir sosial.

– Me meiner det er rett og rimeleg at dei som har dyre bustadar betalar meir, og at dei med små bustadar slepp rimelegare unna, seier Miljeteig.

– Ei gåve til spekulantane

Varaordførar Tor Woldseth frå Framstegspartiet er tydeleg på at det sit langt inne å innføra bustadskatten, men åtvarar mot SV og Arbeidarpartiet sine forslag.

– Me har sjekka dette med Kemnaren, og høgare botnfrådrag vil gjera at spekulantar og såkalla hushaiar vil stå igjen som nullskattytarar. Det er jo ein litt spesiell politikk frå den sosialistiske sida, seier Woldseth, som viser til at dei som eig mange små bueiningar ville gått under radaren til skatteinnkrevjarane med eit slikt forslag.

Dag Skansen og Tor Woldseth under budsjettdebatten

BUSTADSKATTEN TILBAKE: Dag Skansen (H) og Tor Woldseth (Frp) ser ikkje nokon annan utveg enn å innføra eigedomsskatt i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Frp-politikaren vedgår at den blå regjeringa må ta sin del av ansvaret for at Høgre og Framstegspartiet i Bergen bryt løftet om at bergensarane skal sleppa å betala eigedomsskatt.

– Det er berre å erkjenna at situasjonen slettes ikkje har vorte betre etter regjeringsskiftet. No set me vår lit til at regjeringa neste år skal koma på bana med ein ny storbypolitikk. Det er urimeleg at ein så stor del av bergensarane sine skattekroner går til andre kommunar, seier Woldseth.

Også gruppeleiaren til Høgre er usamd i at eit høgare botnfrådrag vil gje ei meir sosial skatteinnkrevjing.

– Eg trur ikkje det er noko god løysing å la dei som eig store bustadbygg sleppa unna, seier Dag Skansen.

– Me har ikkje noko ønskje om at hushaiar og spekulantar skal sleppa unna, men meiner det er ei nasjonal oppgåve å gjera det mindre gunstig å eiga mange bustadar, seier Miljeteig.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen