Hopp til innhold

Eigarane får millionar etter at Fjelberg kraftlag vann fusjonskamp

Det blir tidenes julegåve til eigarane av vesle Fjelberg kraftlag. Etter årelang kamp får dei lov til å avvikla kraftlaget og sikra medlemmane 268 millionar kroner.

Stemmeavgivning i Fjelberg kraftlag på Halsnøy

INTERESSE: Halsnøy samfunnshus var fylt til randa av eigarar i Fjelberg kraftlag under det ekstraordinære årsmøtet for eit år sidan. No har dei endeleg vunne fram.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

851 av dei 1149 medlemmane i Fjelberg kraftlag i Kvinnherad var representerte på det ekstraordinære årsmøtet i Halsnøy samfunnshus 6. desember i fjor.

På sakslista sto éi sak: Ja eller nei til å omdanna samverkeselskapet Fjelberg kraftlag til eit reint aksjeselskap, som så kunne fusjonera med storaktøren Haugaland kraft. I potten låg 310 millionar kroner som Haugaland kraft skulle betala i form av aksjar til eigarane av kraftlaget.

Nær 42 millionar kroner skal setjast av i eit fond til gode føremål i lokalsamfunnet for å oppfylla alle statuttane i selskapet. Rundt 268 millionar står igjen til fordeling på medlemmane; 233.000 kroner i snitt til kvar.

Fekk nei av tilsyn

Meir enn 90 prosent av medlemmane sa ja til oppløysinga. Men vedtaket blei seinare oppheva av Stiftelsestilsynet. Dei meinte at kraftlaget ikkje hadde lov å avvikla seg sjølv når målet var å overføra verdiar i form av aksjar til eigarane.

Saka vart påklaga, og Stiftelsesklagenemnda har no gjort om på vedtaket og er samd med kraftlaget: Omdanninga av kraftlaget til eit AS var lovleg. Dermed kan fusjonen med Haugaland kraft starta, og medlemmane kan kvar håva inn hundretusener.

Sverre Olav Handeland

NØGD: Sverre Olav Handeland, styreleiar i Fjelberg kraftlag.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det er ei skikkeleg julegåve å få. Vi har brukt vinter og vår på dette. No er vi glade for at klagenemnda var samde med oss om at Stiftelsestilsynets vedtak ikkje var riktig, seier styreleiar Sverre Olav Handeland i Fjelberg kraftlag til NRK.

Profittønskje ikkje bevist

Klagenemnda har gjeve full støtte til kraftlaget og meiner, som dei, at fusjonen er nødvendig.

«Omdanningen foretas fordi kraftlaget ønsker å tilpasse seg lovendringer og sentrale energimyndigheters ønsker om omorganisering av kraftbransjen. Ut fra opplysningene i saken legger Stiftelsesklagenemnda til grunn at laget neppe vil kunne fortsette som et selvstendig lag under sin nåværende organisasjonsform», skriv dei i det ferske vedtaket.

Nemnda finn heller ikkje bevis for at ønsket om kortsiktig profitt var motiverande for styret eller medlemmane.

«Det kan selvsagt ikke utelukkes at et motiv om kortsiktig gevinst kan ha vært en del av bildet for deler av medlemsmassen, men etter Stiftelsesklagenemndas syn er det ikke holdepunkter for å legge til grunn at dette er den sentrale grunnen til omdanningen, og ikke den anførte forretningsmessige begrunnelsen», skriv nemnda.