2. påskedag opnar Hardangervidda Natursenter Eidfjord sesongen med ny utstilling og nytt namn.
På Facebook-sida si opplyser dei at det nye namnet blir Norsk natursenter Hardanger.
Senteret skal no profilera seg som eit nasjonalt opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø.
NY LOGO: Nasjonalparksenteret i Eidfjord vil no profilera seg breiare som eit nasjonalt senter for natur, klima og miljø.
Foto: SkjermdumpSamstundes er det framleis eit besøkssenter for Hardangervidda Nasjonalpark.
Dagleg leiar Oddvar Brakestad vil førebels ikkje kommentera kva som er målet med å endra namnet og strategien, men seier dei vil invitera pressa i samband med sesongopninga i påsken.
Han seier likevel at det er gjort store investeringar i samband med endringa, og at dei har meldt det nye namnet inn til Brønnøysundregistra.
VILLREIN: Hardangervidda har Nord-Europas største villreinstamme. Her er ein flokk ved Storhellerfloti.