Hopp til innhold

Ei kunstoppleving når du venter på grønt lys

– Fleire tusen bilar stopper her kvar einaste dag, seier Petter Nord frå kunstkollektivet i Bergen. Forbipasserande skal minnast kor viktig det er å avsky mobbing.

Gatekunst

Opning av gatekunst: Veggen i Lars Hilles gate set fokus på mobbing.

Foto: Anette Kronstad Sørheim / NRK

Psykologistudentane ved Universitetet i Bergen står for den nye gatekunsten i Lars Hilles gate. Personen på veggen har verken noko kjønn, høyrsel eller stemme.

– Gatekunsten gjev eit sterkt inntrykk av at mobbing er ein tung situasjon. Ein kan føle seg fengsla, ikkje høyrd, og useriøs. Kanskje ein ikkje klarer å setje ord på situasjonen, seier Vivian Nora Lynghjem, nasjonal leiar i PsychAid, medan ho peiker på personen på veggen.

PsychAid er organisasjonen for psykologistudentane. Kvart år samlar dei inn pengar til ei spesiell sak, og samarbeider med andre organisasjonar. I fjorårets aksjon samla dei inn nærare 130.000 kroner. Denne våren jobbar dei saman med Blå Kors, som i fjor lanserte ein nettstad mot mobbing.

Dekorasjonen på veggen er ei markering på årets aksjon, som blant anna inneber bøssebering og fagdagar for studentane.

– Kunsten har òg symbola for at dette er «eit giftig stoff», noko som viser kor helseskadeleg mobbing er, seier ho.

Vivian Nora Lynghjem

I kampen mot mobbing: Vivian Nora Lynghjem, nasjonal leiar i PsychAid, samarbeider med Blå Kors.

Foto: Anette Kronstad Sørheim / NRK

På nettstaden snakkommobbing.no kan born og unge snakke, eller «chatte», med fagpersonar om situasjonar som involverer mobbing. Enten om ein vert utsett for mobbing, eller er mobbaren sjølv. Tanken er at ein skal få hjelp ved få tastetrykk, og vere anonym.

– Dei veit gjerne ikkje kven dei skal snakke med, eller kvar dei skal gå, seier Lynghjem.

Å vere nøytral i ein mobbesituasjon

Petter Nord

Takka ja: Petter Nord frå BART, ville vere med og støtte mobbeaksjonen med kunst.

Foto: Anette Kronstad Sørheim / NRK

Det er den anonyme kunstnaren «AFK» frå kunstkollektivet BART, som har dekorert veggen i Lars Hilles gate. Petter Nord, frå kunstkollektivet, seier veggen gjev eit kompliment til menneske som står opp mot urett.

– Du skal ikkje lukke augo eller øyro, og du skal heller ikkje halde kjeft. Det vert heilt feil, seier Petter Nord, som er manager i BART.

Å støtte gode formål er noko som står kunstkollektivet nært. Dei kunne difor ikkje takke nei, då dei fekk ein telefon frå psykologistudentane.

– Gatekunsten snakkar jo med folk på gata, seier Nord.

Gatekunst mot mobbing

Gatekunst mot mobbing: Samarbeid mellom BART og PsychAid.

Foto: Anette Kronstad Sørheim / NRK