Hopp til innhold

Ei b-ferje til besvær

KROKEIDE-HUFTHAMAR (NRK): Det er ikkje den mest spektakulære naturen Hordaland har å by på, og ferja unngår botnkarakteren på grunn av dekorasjonar og plastplantar.

I sommar kan du vere med på alle 19 ferjeturane i fylket.

«Dei har prøvd å gjere det koseleg på ferja med enorme mengde plastblomar»

Oddgeir Øystese

Fyrst ut er ferjestrekninga Krokeide-Hufthamar med MF «Trondheim». Dei resterande 18 ferjestrekningane vert evaluerte fortløpande.

Mykje ventetid på dette sambandet

Denne morgonen har somme av dei som ventar på ferjekaien på Krokeide, allereie venta i ein time. Forklaringa er den vanlege. Den eine av to ferjer i Austevoll-sambandet er reserve for ei ferje ein annan stad.

– Dette er frykteleg frustrerande for dei som er avhengige av ferja, seier Liv Margareth Østervold som er frå Austevoll og pendlar til jobb.

Liv Margareth Østervold

FRYKTELEG FRUSTRERANDE: Liv Marit Østervold som pendlar til jobb må av og til legge om planane når ikkje ferja går.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Hun må oppdatere seg heile tida på om ting er som dei skal.

– Av og til må eg legge om planane, men det verste er at når det berre er ei ferje som går, er den ofte full, seier ho.

hufthamar-krokeide

Politikarane i Austevoll er med å betale for den såkalla b-ferja. Dei meiner situasjonen på hovudsambandet til Bergen er ein belastning for næringslivet i kommunen.

Men enn så lenge er avtalen at reiarlaget Fosen/Namsos Sjø brukar b-ferja «Marstein» på eitt av dei andre tre sambanda i Hordaland når dei har bruk for det.

Oddgeir Øystese

TESTAR FARTØY: NRK-reporter og ferje-entusiast Oddgeir Øystese testar fartøy, kaier og overfartar. Alle dei viktige elementa i ei ferjereise vert evaluerte.

Dette meiner NRK om ferjestrekninga Krokeide-Hufthamar:

Overfart og kaianlegg: 4

Det er ikkje noko gale med utsikta, korkje på øy- eller fastlandssida. Men det er nok ikkje den mest spektakulære naturen Hordaland har å by på. Kaiane er heller ikkje særleg spanande.

Fartøy: 7

MF Trondheim er ikkje veldig godt likt blant pendlarane. Men salongen er stor og open, og samanlikna med mykje anna ser det ut til at ferja er i god stand. Dei har prøvd å gjere det koseleg med enorme mengde plastblomar.

Austevoll-sambandet

PLASTPLANTAR: Sjølv om ferja heiter Trondheim unngår den likevel botnkarakter på grunn av dekorasjonar og plastplantar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Service og fasilitetar: 7

Gode toalettforhold både om bord og på kaiane. Effektiv system på påkøyring med betaling om bord. Hyggelege folk, og godt utval i kiosken. Men vi bør kunne forvente betre kaffe enn dette.

Nostalgi og oppleving: 2

Når ferja heiter Trondheim og er dekorert med bilete frå trønderhovedstaden, er det vanskeleg å gje god karakter her. Unngår likevel botnkarakteren på grunn av dekorasjonar og plastplantar.

Austevoll-sambandet

KARAKTER 7: Hyggelege folk og godt utval i kiosken er dommen til NRK-reporter Oddgeir Øystese.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Totalscore: 20 (av 40)

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13

Ekspander/minimer faktaboks