Hopp til innhold

Ei «forkjøling» kan gje deg astma

Mange som berre trur dei er forkjølt om sommaren, har eigentleg allergi. Om ein ikkje går til legen er risikoen for å utvikla astma stor.

nyser

STOR RISIKO: Risikoen for å utvikla astma aukar dramatisk ved viss ein ikkje tar medisin mot mellom anna pollen, dyr og husstøvmidd, ifølge UiB-professor og øre-nase-hals-spesialist. Illustrasjonsbilete.

Foto: Helene Wille Lund / NRK

– På folkemunne snakkar ein om «vårslappheit» og den eviglange sommarforkjølinga. Svært få er klar over at dei kan vera plaga av luftvegsallergi, og at ein kan få astma om ein ikkje tar medisin, seier UiB-professor Sverre Steinsvåg.

Nyleg skreiv Steinsvåg, som også er øyre-nase-hals-spesialist ved Sørland sjukehus, ein kronikk om temaet i Dagens Medisin.

Der skriv han at risikoen for å utvikla astma aukar dramatisk ved ubehandla allergi mot mellom anna pollen, dyr og husstøvmidd.

Sverre Steinsvåg

FARLEG: Astma kan i ytste konsekvens vera livstruande, fortel UiB-professor og øre-nase-hals-spesialist ved Sørlandet sjukehus, Sverre Steinsvåg.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Skjer med fleire

Steinsvåg får stadig inn pasientar som har utvikla astma fordi dei ikkje veit at dei er allergiske.

I dag har rundt éin million nordmenn allergi. Noregs astma- og allergiforbund (NAAF) kjenner seg att i problematikken.

– Det skjer fleire og fleire, seier helsefagleg rådgjevar Anna Bistrup.

Var ofte forkjølt – gjekk til legen

Kathrine Hove var ei av dei som opplevde å vera forkjølt kvar sommar. Heldigvis gjekk ho til legen og fekk påvist grasallergi før astmaen fekk bryta ut.

Men å leva med luftvegsallergi kan uansett vera tøft.

– Når ein eigentleg skal vera ute og kosa seg om sommaren, blir ein slapp, klør i auga, og nasen renn – så det er jo klart at ein skulle ha vore forutan. Men tar ein medisin, så hjelper det i alle fall, seier Hove.

line hove kolstad og kathrine hove

ALLERGIKARAR: Line Hove Kolstad er allergisk mot kattar, og mora Kathrine Hove har grasallergi. Heldigvis merka dei at dei var allergiske før astmaen fekk bryta ut.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Kan bli livstruande

Ifølge Akademiet for allergi og klinisk immunologi, forventar ein at 50 prosent av befolkninga i den vestlege verda vil ha allergi innan ti år.

– Dette er urovekkande, kommenterer Steinsvåg.

Om ein ikkje er klar over at ein er allergisk – og astmaen får tid til å utvikla seg – kan det vera livsfarleg.

– Astma kan i utgangspunktet – og i ytste konsekvens vera livstruande. Dei aller fleste har det ikkje så alvorleg, og me har jo gode medisinar mot astma, men likevel vil astma representera eit tydeleg helseproblem hos dei som har det.

Ifølge Steinsvåg reknar ein med at i overkant av 50 prosent av dei med øvre luftvegsallergi på eit eller anna tidspunkt vil få symptom på astma.

Teikn på allergi

Symptoma på forkjøling og allergi kan vera ganske så like. Men om forkjølinga ikkje går over til den tida som vert rekna som «normalt», bør ein gå til lege.

– Gå til lege om du har hangla i meir enn ei vekes tid, og du snufsar, er sliten og tung i hovudet, men ikkje har feber, er tipset frå helsefagleg rådgjevar i NAAF Anna Bistrup.