NRK Meny
Normal

– Ecstasy og «rave» er populært igjen

Etter å ha gått i gløymeboka er partydopet tilbake i rusmiljøet. Rusforskarane fryktar dødelege dosar.

Supermann-ecstasy

SUPERMANN: Dei rosa pillene har Supermann-logo på seg. Desse vart beslaglagt på Svinesund tidlegare i år.

Foto: Tollvesenet

Ecstasy og verkestoffet MDMA har ikkje vore mykje selt eller brukt i Noreg på fleire år. No ser rusforskarane at stoffet har fått ein oppsving over heile Europa. Trenden har og nådd Noreg.

– MDMA har hatt ein tørkeperiode dei siste sju åra. No er det attende. Det syner beslag gjort i fleire land, seier Liv Flesland.

Piller

STORE BESLAG: Tollvesen og politiet kjem oftare over store beslag av pillane frå Europa. Illustrasjonsfoto.

Foto: SERGIO PONTORIERO / AP

Spesielt det siste halvåret har innførsel og bruk av ecstasy auka kraftig. Det er basert på funn frå tollbeslag, statistikk og rusmisbrukarar sine eigne forklaringar. Ei forklaring kan vere at «rave»-festane kjent frå 1990-talet er populært igjen.

– Vi ser endringa knytt til ein festbruk. Det verkar som om dansekulturen har ein renessanse, seier Flesland.

Les heile Føre Var-rapporten, som vart offentleg i dag.

Potensielt dødelege

Det er og svært problematisk, fordi brukarane ikkje veit kva pillene inneheld. I Sverige og England har dei registrert piller som inneheld PMMA. Eit svært kraftig stoff som har ført til fleire overdosedødsfall i Noreg.

Tidlegare i år var ein mann i 20-åra nære ved å miste livet i Trondheim. Overdoseteamet meiner han tok ein pille kalla Supermann-pilla.

– Vi må vere årvakne. Dette er stoff som ofte er forureina, fordi det er utblanda og brukarane veit ikkje kva det er blanda med.

Det er Bergensklinikken som står bak forskinga på rusbruk på Vestlandet. Trendane er tilsvarande i andre norske byar. Til dømes fann dei ti gongar meir MDMA i kloakken i Oslo i 2014, enn året før.

Liv Flesland

LIV FLESLAND: Bergensklinikkene kartlegg trendar i rusmiljøet over heile Vestlandet.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Meir av GHB og GBL

Samstundes har bruken og innføringa av GHB og auka det siste halve året. Det flytande stoffet oppbevarast ofte i plastflasker og dosar blir gitt med bruskorkar.

Superman ecstasy

LOGO: Denne pillen blei tatt i beslag i Suffolk, England.

– Endringar kring desse stoffa har meir med sesongvariasjonar å gjere. Det kan vere at det har kome eit nytt parti i det siste, seier rusforskaren.

Eitt av problema med GHB er at det stoffet lett fører til ein overdose. Brukarane er ikkje nødvendigvis ein del av rusmiljøet eller tar andre stoff. Det kan vere stor forskjell på kor sterkt stoffet verkar.

– Problemet er at det er veldig vanskeleg å dosere, sånn at det er små forskjellar på ein dose som berre gir ein god rus og ein dødeleg overdose.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.