Hopp til innhold

Stengd tunnel førte til lange køar på E16

Hyvingstunnelen mellom Bergen og Voss på E16 måtte stenga grunna stein som fall ned frå tunneltaket.

KØ

LANGE KØAR: Køen strekk seg mange kilometer nord for Hyvingstunnelen på E16.

Foto: EIVIND PETTERSEN

Siste: Like etter klokka 23.30 opna tunnelen igjen, etter å ha vore stengd i nær tre timar.

– Me snakka med ryddemannskapet rundt klokka 22.30, og dei sa det ville ta i alle fall ein time å få rydda tunnelen, seier trafikkoperatør Nina Heggernes ved Vegtrafikksentralen.

Dei må få ned all laus stein frå veggar og tak inne i tunnelen.

– Entreprenøren held på med rydding på staden no. Me ventar på tilbakemelding, og håpar at me kan opna tunnelen att i kveld, sa Heggernes tidlegare.

Dei måtte stenga Hyvingstunnelen klokka 20.36 i kveld etter melding frå innringarar om at det hadde falle ned stein frå tunneltaket.

Laster Twitter-innhold

Kilometerlange køar

Eivind Pettersen er på veg til Bergen og seier at køane byrjar å bli svært lange.

– Eg står no på Bolstadøyri, 3. 7 kilometer før Hyvingstunnelen i retning Bergen. Mange bilistar snur og køyrer tilbake mot Voss, seier Pettersen.

Tunnelen ligg i Voss kommune mellom Dale og Bolstadøyri.