E16 ved Bolstad opnar sundag
E16 opnar sundag klokka 14 for trafikk etter det store raset ved Hyvingstunnelen ved Bolstad i Voss, ifølgje NTB. Fem gravemaskinar og to bulldosarar held på med opprydning så lenge det er lyst. Arbeidet har gått føre seg sidan onsdag, då raset gjekk.