Hopp til innhold

E16 er opna for trafikk igjen

Tåka og lågt skydekke gjorde at Statens vegvesen måtte stengja vegen.

Vaksdal -rasfare

STENGD: E16 er stengd i Vaksdal pga. fare for ras. Vegen skulle eigentleg opne kl. 05 etter nattestenginga.

Foto: NRK

Laurdag morgon klokka 06.18 vart E16 ved Vaksdal stengd på grunn av tåka og lågt skydekke.

Rasfaren i området er framleis stor og Statens vegvesen fryktar at det skal gå eit tredje ras på staden. Dei har sett ut geolog i båt som overvakar fjellsida, og sidan dei ikkje kunne observera den rasutsette fjellsida i tåkehavet, vart vegen stengd.

bilde E16

VENTA PÅ OPNING: Det danna seg kø då E16 vart stengd.

Foto: Johan Atle Bergsvik

– Vaktene som sit ute i fjorden og observerer fjellsida kan ikkje sjå noko, og sidan rasfaren er så stor så har vi valt å stengja vegen, sa Stian Rosnes i Vegtrafikksentralen til NRK i dag tidleg.

Klokka 09.37 vart E16 opna igjen for trafikk fordi tåka hadde letta.

Stor rasfare i området

Torsdag 21. mai gjekk det eit stort jordras over E16. 12. mai gjekk det eit ras på same stad, men rasområdet var fleire gonger større den andre gongen. Eit passasjertog køyrde då inn i raset, men ingen vart skadd.

Strekninga er til vanleg stengd frå klokka 23.00 til klokka 05.00 kvar natt fordi det er mørkt og ein då ikkje har sikt på staden.

Etter at vegen vart stengd i dag danna det seg lange køar på E16.

– Det står ein del bilar her, og eg har stått her og venta i nesten ein time, sa Johan Atle Bergsvik som stod og venta i køen.

Laster Twitter-innhold