NRK Meny
Normal

Rasfare stengjer E16 ved Vaksdal

Kraftig regnvêr har auka rasfaren på E16 mellom Bergen og Voss. Måndag morgon er vegen framleis stengt.

På E16 er Bogetunnelen mellom Bergen og Voss framleis stengt. Geolog kjem på staden når det lysnar, og vil vurdere om det er trygt å opne for trafikk då.

Omkøyring går via fylkesveg 7.

Statens vegvesen melde i går kveld at vegen måtte stengast på grunn av rasfare.

– Det har regna kraftig i dag. I lia over tunnelen går det ein bekk som har tatt med seg stein og grus som har hamna i vegbana, fortel trafikkoperatør Tina Fjeldavli ved Vegtrafikksentralen

Geolog er tilkalla

Vegvesenet tar dermed ingen sjansar og stenger den ras- og ulukkesutsette europavegen.

– Vi har tilkalla geolog. Vi veit ikkje når han er framme, men geologen er avhengig av dagslys for å sjå skikkeleg.

Anbefalt omkøyring er fylkesveg 7 om Norheimsund. Statens vegvesen vil ha folk ute for å dirigera trafikken ved Trengereid og Voss.

Fjeldavli ber folk ta det roleg på omkøyringsvegen

– Det er skiftande føre på fylkesveg 7, spesielt over Kvamskogen. Der er det vekslande is- og snøføre, åtvarar ho.

Riksveg 13 stengt i Odda

Også i Odda er det fare for ras. Riksveg 13 ved Lona er som følgje av dette stengt. Ny vurdering blir gjort klokka 08.00 måndag morgon.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen