E16 stengt etter steinras - geolog til staden tysdag

Raset har gått mellom Hettetunnelen og Stanghelletunnelen, og vegen er no stengt. Den blir ikkje opna før tidlegast tysdag føremiddag.

ras E16

STENGT: Fleire steinar rasa ned i vegbana utanfor Steganestunnelen like ved Stanghelle på E16 i kveld. Vegen blir ikkje opna før geologar har vurdert om det er ytterlegare rasfare.

Foto: Jan Erik Tollefsen

Siste: Geolog må inn for å undersøka fjellsida, og vegen vert ikkje opna før tidlegast tysdag føremiddag.

– Geologen kjem til staden når det blir lyst, opplysar Vegtrafikksentralen til NRK.

Fleire steinar fall ned i vegen like etter klokka 20.00. Det var trafikantar som melde frå om raset.

Ingen bilar eller personar vart trefte av steinane.

– Det er ein stor stein som har falle ned og som sperrar eine køyrefeltet, i tillegg til fleire små, seier Tore Tysse i Vegtrafikksentralen.

Vakthald i natt

Rett før klokka 21.00 vart det altså klart at dei ikkje tar sjansen på å opna vegen att, før ein får undersøkt nærare om det er fare for at fleire steinar vil komma ned.

– Den blir ikkje opna før tidlegast utpå dagen tysdag, og det vil bli vakthald i natt for å hindra at bilar køyrer inn på området.

Vaktene står ved Trengereid og på Voss.

Omkøyringsveg mellom Bergen og Voss er fv. 7 over Kvamskogen.

Tidlegare i dag var E16 stengt i fleire timar grunna ei trafikkulukke mellom Evanger og Voss.

Laurdag ettermiddag rasa det også ned steinar inne i Dalevågtunnelen, og E16 vart stengt ein kortare periode.

Jernbana skal ikkje vera påverka av raset.

– Me har hatt folk på staden for å sjekka, og alt ser bra ut. Togtrafikken vil difor gå som normalt, seier pressevakt i Jernbaneverket, Kjell Bakken.

Kommunen er i beredskap

– Saman med rådmannen jobbar me med å finna ut korleis me skal løysa det praktiske. Vi er nøydd til å yta tenester på begge sider av raset, og det er krevjande, seier ordførar i Vaksdal, Eirik Haga.

Det er mange ungdommar som tar skulebuss til Dale frå Vaksdal kvar dag.


– For skulebarna blir dette ei utfordring. Ungdomsskuleelevane må ta toget frå Vaksdal.

– Fare for fleire ras

Geolog Trine Simmenes bur på Helle, ikkje langt frå raset. Ho er ikkje overraska over at det igjen rasar steinar ned frå fjellsida.

– Det er nok vêromslaget som gjer at det rasar. Dette er i eit område der det er kjent at det er lause steinar. Dei driv og med rassikring der no.

Ho ber folk vera merksame.

– Eg vurderer det slik at det er fare for ras og andre stadar langs E16. Folk må køyra forsiktig.

Laster kart, vennligst vent...

NRK anbefaler

Siste video

På Universitetet i Bergen redder de daglig måseunger. Problemet er at de blir lokket av lys og roter seg inn på steder de ikke kommer seg uten igjen fra.

Måkeredning på Universitetet

På Universitetet i Bergen redder de daglig måseunger. Problemet er at de blir lokket av lys og roter seg inn på steder de ikke kommer seg uten igjen fra.

Mange av tiggerne ser ut til å ha droppa Stavanger i sommer - til fordel for Bergen. Der er det nemlig en dobling av tiggere nå i sommer.

Tiggere drar fra Stavanger til Bergen

Mange av tiggerne ser ut til å ha droppa Stavanger i sommer - til fordel for Bergen. Der er det nemlig en dobling av tiggere nå i sommer.

I kveld speler Razika konsert for bebuarane på Landås mottak.

Razika på Landås mottak

I kveld speler Razika konsert for bebuarane på Landås mottak.