Hopp til innhold

E16 stengd etter nytt ras

Det har gått eit steinras ved Stanghelletunnelen. Vegen vert ikkje opna att i dag.

E16 stengt etter ras

NYTT RAS: E16 er stengd etter at det rasa like utanfor Stanghelletunnelen mellom på strekninga mellom Bergen og Voss.

Foto: Remi Bøe Presttun

Politiet fekk klokka 17.45 onsdag ettermiddag melding om eit ras ved Stanghelletunnelen på E16 mellom Bergen og Voss.

Det er ikkje meld om personskadar, ifølgje politiet.

Raset har gått i tunnelmunningen på austsida av tunnelen. Reisande må køyra om Riksveg 7, gjennom Hardanger, for å komma seg mellom Bergen og Voss.

Rasar framleis

Rapportane frå Stanghelle går ut på at det er meir lause massar i fjellsida.

– Patruljen vår melder om at det framleis rasar oppi fjellsida, seier Ole Jakob Malmo, dom er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

E16 stengt etter ras ved Stanghelletunnelen

NYE RAS: Det vert rapportert om fleire nye ras etter at det første raset vart meld ved 17.45 onsdag.

Foto: Remi Bøe Presttun

Opnar ikkje i dag

Vegvesenet opplyser om at det ikkje er aktuelt å opna europavegen igjen onsdag. Det er andre gong på kort tid at tunnelen vert stengt grunna ras.

– Raset har gått på omlag samme plass, som det gjekk eit ras for ei veke sidan, seier Morten Hansen, trafikkoperatør i Statens vegvesen.

Også vegvesenet stadfestar at det held fram med å detta ned stein på rasstaden.

– Når entrepenøren vår var nede sa han at det held fram med å rasa, seier Hansen.

Geologen er varsla og reiser truleg til rasstaden i kveld. Tidlegare på dagen onsdag fall store steinar ned i vegbana på fylkesveg 569 i Vaksdal.