NRK Meny
Normal

E16 framleis stengt - vurderer militærbru

Det er framleis redusert framkomst og omkøyring for personbilar på E16 mellom Dale og Voss ved Skorve. Årsaka er at elva har vaska vekk grunnen under vegbanen, og Statens vegvesen vurderer å setje opp militærbru.

E16 - Voss-Evanger, utrasing ved Skorve

RAS: Elva har gjort a store delar av vegen har rasa ut på E16 ved Skorve, mellom Dale og Voss.

Foto: Bente Bergstø

E16 - Voss-Evanger, utrasing ved Skorve

SKADAR: Store skader på E16 ved Skorve.

Foto: Bente Bergstø

– Det har vore geoteknikarar på plass, og me vurderer kva me skal gjere, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Ingebjørg Midthun.

E16 vart i går heilt stengt for tunge køyretøy ved Skorve, og er det framleis. Omkøyringa vart lagt om riksveg 7.

– Det er omkøyring på ein kommunal veg. Ein må ikkje køyre lenger, men ein må køyre seinare, seier Midthun.

– Respekter lysreguleringa

Vegvesenet venta i går på ei mellombels militærbru å sette inn på staden, og dei uttalte då at dei håpa brua skulle vera på plass onsdag.

– Om brua kjem opp avheng av dei målingane som er gjort, og om det har noko for seg, seier Ingebjørg Midthun i Statens vegvesen.

Fram til noko meir vert avgjort oppmodar ho bilistane om å respektere lystrafikkreguleringa på staden.

– Det er fint om bilistane ventar til dei får grønt lys med å køyre. Lyset er innstilt slik at ein skal få nok tid til å køyre gjennom strekninga frå kvar kant, og viss bilistane ikkje respekterer dette blir det kaos, seier Midthun.


Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik