Hopp til innhold

Vegen er opna - kan bli stengt igjen

Statens vegvesen har opna E16 mellom Trengereid og Indre Arna i dag. Men med mykje nedbør kan den stenge igjen når som helst.

Rasrydding

RYDDAR: Ingen personar kom til skadd i raset, som skjedde rundt klokka 01.30 i natt

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Vi har vore spent på dette i heile dag, og lagt eit løp for å kunne opne vegen raskast mogeleg, seier Gunnar Kråkenes, i Statens vegvesen.

I går åtvara Jordskredvarslinga mot faren for jordras, på grunn av store nedbørsmengder det siste døgnet. I natt slo advarselen til, med full styrke på E16.

Opna i dag

Statens vegvesen har fått opna E16 ved Risnes- og Romslotunnelen mellom Trengereid og Indre Arna så fort som mogeleg.

Etter planen skulle E16 opne i dag kl 17.00 i dag, men det var utsett til 17.21.

– Vi hadde jo håpa å opne vegen klokka 17.00, men det var for mykje massar i regnvatnet. Dessutan er det meldt om meir nedbør, fortel Kråkenes.

– Vi har hatt eit veldig godt samarbeid med Bergen kommune, det er dei som har ansvaret for den kommunale vegen. Den er det usikkert når vil opne, seier Kråkenes.

– Vi fryktar nye ras

Kråkenes fortel at dei har fått vekk det meste av massane på den kommunale vegen, og at det gjekk fortare enn venta å rydda E16.

– På grunn hurtig rydding, fekk vi opna vegen i dag, men den kommunale vegen veit vi framleis ikkje noko om kor tid opnar.

Sjølv om vegen opna i dag kan den bli stengt like fort. Mykje lausmassar i elveleiet og meldingar om mykje nedbør kan føre til nye ras, seier Kråkenes.

– Mykje regn kan gjere at stein og massar kan slå over sikringa som er sett opp. Det er klart vi fryktar nye ras, fortel Kråkenes.

Ventar mykje regn

Det er venta store nedbørsmendgde i kveld, ifølgje vakthavande meteorolog Gunnar Livik til NRK.

– Det er venta intens nedbør i kveld og i morgon tidleg, seier Livik.

Ifølgje Kråkenes er dei avhengige av at det ikkje vert for mykje nedbør det neste døgnet.

– For mykje nedbør kan jo føre til at sikringane vi har sett opp ikkje held. Difor kjem vi til å ha vakter både på den kommunale vegen og ei vakt på E16 for å følgje med på og høyre om massane løyser, seier Kråkenes.

– Dersom det held fram å regne like mykje kan det føre til at vegen blir stengt igjen på kort varsel, fortel Kråkenes.