Hopp til innhold

Eit felt opna på E16 etter trailervelt

Eit felt er no ope på E16 mellom Dale og Voss etter at eit velta vogntog sperra vegen i timevis torsdag morgon.

Trailervelt sperrar E 16

E16 STENGT:Slik ser det ut på hovudvegen til Bergen, ved Evanger, torsdag morgon.

Foto: Arne Hofseth

– Bergingsmannskapa har endeleg klart å dra vogntoget litt utanfor det eine feltet i vegen, seier Tina Fjeldavli, trafikkoperatør i Statens Vegvesen.

– Resten av vogntoget skal ikkje flyttast før i natt, når det ikkje er særleg trafikk.

Det tyder at det framleis vil ta lenger tid enn vanleg å koma seg frå Voss til Bergen. Politiet driv no med manuell dirigering på staden.

E16 har vore sperra mellom Voss og Dale sidan i dag tidleg klokka 07.00, etter at eit vogntog velta like før Evanger. Vogntoget var fullasta og svært vanskeleg å flytta bort frå den såpeglatte vegbana.

Smal omkøyringsveg

Klokka 12.15 meldte politiet at eit felt på strekninga Dale - Voss kunne opna.

Tidlegare på morgonen har riksveg 7 gjennom Hardanger vore anbefalt omkøyringsveg for dei som ikkje kan venta. På denne vegen vart det store problem då E16 var stengt dei siste to vekene, med lange køar og svært mykje tungtrafikk.

Politiet rår større bilar om å ta tida til hjelp.

– Dette er ei naudløysing, og dei store vogntoga må nok dessverre venta.

Vogntoget velta med førarsida ned

Føraren av vogntoget, som var norskregistrert, kom frå uhellet utan skader. Han er likevel sendt til Voss Sjukehus for ein sjekk.

– Han hadde flaks. Traileren velta med førarsida ned mot vegbana, seier Steimler til NRK.no

Trailervelt sperrar E16

EVANGER: Traileren velta på det glatte føret på E16 mellom Dale og Voss torsdag morgon.

Foto: Arne Hofseth

Svært glatt i området

– Sommardekk er absolutt ikkje å anbefale her slik føret er no.

Det seier Ronny Lemme, vaktoperatør ved Statens vegvesen.

Politiet fekk melding om at vogntoget hadde velta i 7-tida torsdag morgon.

Klokka 08.00 skreiv dei dette på Twitter:

– E16 ved Knoltatunnelen. Vegen framleis sperra. Personbilar vert slept forbi puljevis via ein smal kommunal veg.

Vanskeleg å sei når vegen opnar

Det er berre få dagar sidan E16 opna, etter eit ras ved Stanghelle. No er hovudinnfartsåra mellom Voss og Bergen altså igjen stengt – denne gongen på grunn av snø og vinterføre.

NRK.no har vore i kontakt med ei rekkje fortvila hordalendingar i løpet av morgonen.

Voss, Hardanger, Nordhordland, Os og Fusa er blant stadene der lyttarar og lesarar har meldt om glatte vegar og snø som har lagt seg på bakken.

NRK oppdaterer saka.