Hopp til innhold

Må betala nesten 10.000 for å sitje på tribuna

Det blir dyrt for foreldra som ynskjer å følgje barna si svømmetrening i nye Ado Arena i Bergen. Den splitter nye svømmehallen krev at foreldra går til innkjøp av årskort til 4800 kroner stykket.

Det blir dyrt for svømmeforeldra som ynskjer å følgje barna sin trening i nye Ado Arena i Bergen. Den splitter nye svømmehallen krev at foreldra går til innkjøp av årskort til 4800 kroner.

DYRT: Brit og Bjørn Arne Braathen må begge betala 4800 kroner for kvart sitt årskort, skal dei få lov til å følgje ungane si svømmetrening i nye AdO Arena i Bergen. - Ufint, meiner foreldreparet. Reporter: Siri Kleiven Strøm | Foto/redigering: Dag Harald Kvammen Andersen

ADO Arena

NY HALL - NYE REGLAR: AdO Arena har nettopp opna dørane på Nygårsdtangen i Bergen. Bygget vart 400 millionar kroner dyrare enn planlagd.

Foto: Anders Ekanger / NRK

– Eg veit at mange foreldre kanskje ikkje har råd til å måtte ut med nesten 9600 kroner i tillegg til kva det kostar at ungdommane driv med idretten, seier Bjørn Arne Braathen til Fanaposten, som omtala saka først tysdag.

Han er far til svømmetalentet Ariel Braathen (15), og fekk prissjokket då han skulle følgje ho til morgontrening i nye Alexander Dale Oen Arena på Nygårdstangen i Bergen.

For å få lov til å følgje treninga frå tribunen over bassenget måtte han gå til innkjøp av årskortet til 4800 kroner.

– Dette burde vere enkelt. Gi oss eit foreldrekort slik at vi kan støtte barna våre i idretten deira, seier Braathen til NRK som møter han og kona Britt utanfor Ado Arena på tysdag.

– Vi blir behandla ufint

Dei køyrer frå Søfteland tidleg kvar morgon for å levere barna på svømmetrening. Den femten år gamle dottera deira er juniorlandslagssvømmar og siktar høgt. Foreldra ynskjer å hjelpe ho til å nå måla sine.

– Det er kjempeviktig for oss. Ein ynskjer å hjelpa dei på alle måtar. Kvardagen er hektisk nok.

Dei samanliknar situasjonen med dei som følgjer ungane sine på fotball- eller handballtreningar.

– Tenk om ein der måtte betale for å stå på sidelinja å følgje treninga, seier Bjørn Arne Braathen og ristar på hovudet.

– Eg syns foreldra blir behandla ufint. Det er dårleg gjort. Det er ein dyr idrett i utgangspunktet og eg syns det er ufint at vi må betale oss inn, seier Brit Braathen.

Forstår frustrasjonen

Haakon A. E. Johansen

VIL IKKJE REVURDERE: AdO-sjef Håkon A. Egeberg Johansen forstår frustrasjonen til foreldra, men vil ikkje sleppe gjester inn på tribuna under trening.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Dagleg leiar Håkon A. Egeberg Johansen forstår frustrasjonen til foreldra, men seier dei førebels ikkje vil revurdere ordninga.

– Vi slepp ikkje inn nokon på tribunen her medan det er trening. Når dei betalar for årskortet, så betalar dei for å komme inn på anlegget og er velkomne til å bruke heile anlegget.

Han forklarar at tribunen er stor og at den må reingjerast kvar dag samt ha vakthald skal dei sleppe gjester inn der for å sjå på symjetreningane. Før Ado Arena vart bygd, var praksisen annleis, fordi svømmeklubbane og gjester trena på ulike tider.

– Mange av gjestane som er her å svømmer ønskjer ikkje at folk sit og ser på. Sidan treningane går føre seg samstundes, må vi gjere det annleis enn før. Det blir også vanskeleg å halde styr på kven som er badegjester og kven som er foreldre. Det er mange tusen medlemmar i svømmeklubbane i Bergen.

Ynskjer å legge til rette

For eit foreldrepar vil det altså kosta over 9 000 kroner om dei ynskjer å følgje treninga til svømmetalenta. AdO-sjefen seier dei ikkje har fått mange klager.

– Men det er dyrt ja, for å sjå på nokon som symjer.

Han forklarar at dei ynskjer å legge til rette for foreldra, som får sleppe inn i kafeen der det er matautomatar og trådlaust nett. Dei gjer også unntak for dei minste barna, der foreldra kan få sleppe inn til svømmebassenget skulle det vere behov.