Hopp til innhold

Låvegolv kollapsa – fire kviger ramla ned i møkakjellar

HORDVIK (NRK): Ei av dei er stadfesta død. No har brannvesenet fått ut dei tre andre.

Brannvesenet forsøkjer å redde tre kviger frå møkakjellar

REDNINGSAKSJON: Brannvesenet forsøkjer å redde dei tre kvigene som framleis er i live.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Brannvesenet fekk melding frå ein bonde i Hordvikvegen i Åsane rundt klokka 06.30 om at fire kviger hadde ramla ned i ein møkakjellar.

Brannvesenet stadfestar at den eine av kvigene er død.

– Vi forsøkjer å redde dei andre, seier vaktkommandør ved 110-sentralen i Hordaland, Ole Jakob Hartvigsen.

Mannskapa på staden har klart å få ut dei tre andre kvigene, som var i stand til å gå på egne bein. Dei har fått i seg mat, og ventar på å bli undersøkte av veterinær.

Ei av kvigene som ramla ned i ein møkakjellar i Hordvik

MATLYST: Kviga som er redda ut har god matlyst og kunne gå på eigne bein.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Golvet tolte ikkje vekta

Kvigene har ramla ned i møkakjellaren frå låvegolvet over. Ifølgje politiet som er på staden, har kvigene kome seg inn på låven gjennom ei open dør.

Det er altså ikkje golvet der kvigene vanlegvis står som har svikta.

Innsatsleiar Jan Aase fortel at kvigene ramla mellom to og tre meter.

– Dei fekk heldigvis ei mjuk landing, seier han.

Fjøsgolvet svikta og fire kviger ramla ned i møkakjellaren

GOLVET: Golvet i fjøset svikta og gjorde at fire kviger ramla ned i møkakjellaren.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Ventar på Mattilsynet og veterinær

Brannvesenet jobba lenge med å få festa selar på kvigene slik at dei kunne bli heiste ut.

– Dei er mellom 200 og 300 kilo, så dei er tunge, seier Aase.

Han synest synd på eigaren til kvigene som fekk oppleve dette.

– Dette er ikkje kjekt å vakne til. Det er tøft for bonden, seier han.

Både Mattilsynet og veterinær har no hatt tilsyn med kvigene som vart redda ut, og det ser ut til at dei kom unna det heile med mindre skadar.

– Politiet vil likevel opprette sak, og så får Mattilsynet sjå nærare på forholda på garden, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.