Hopp til innhold

Dykkarar måtte ta til takke med småpengar og gratis lunsj

Dei vart skadde for livet, men fekk knapt nokon erstatning. No kan skandalen føre til ny gransking i Noreg, og eit ras av rettssaker i Storbritannia.

Nordsjødykkere

KARRIEREN ØYDELAGT: Per Ludvigsen (t.v.) og Egil Eid blei skadde for livet, i eit eksperiment som la grunnlaget for norsk oljeverksemd. No krev Nordsjødykkaralliansen ny og uavhengig gransking av forholda til pionerdykkarane.

Foto: NRK

Vestlandsrevyen fortalde sist veke historia om to norske marinedykkarar. No viser det seg at dei aldri fekk same erstatning som Nordsjødykkarane.

I 1972 blei dei skadde for livet, i eit eksperiment som la grunnlaget for norsk oljeverksemd.

Nordsjødykking blei det aldri på Eid og Ludvigsen.

Tilbod om lunsj med forsvarsministeren og 500.000 kroner kvar. Det var erstatninga dei fekk, 42 år etter at dykkarkarrieren blei øydelagt.

LES OGSÅ: – Det rev og slet i alle ledd. Jeg lurte på om jeg ville overleve

I Tyskland

Arbeidstilsynet bad sjøforsvaret stilla med to dykkara, til eit eksperiment i Tyskland. Målet var å finna ut kor raskt det var forsvarleg å henta dei opp frå store djup. Men det meste gjekk gale. Begge fekk forbod mot nordsjødykking og store, vedvarande helseplager.

Mens nordsjødykkarane etter mange års kamp, fekk 2,6 millionar kroner i erstatning, måtte desse to ta til takke med ein femtedel.

Den tidlegare nordsjødykkaren har sjølv takka nei til erstatninga på grunn av denne saka

Om det vil bety noko for erstatninga, veit endå ingen. Men Forsvarsdepartementet har no bedt Sjøforsvaret undersøka kva rolle Forsvaret spelte i både denne og andre dykkarsaker

Rapporten frå Sjøforsvaret skal leverast i løpet av neste sommar.

LES OGSÅ: – Dykkere ble truet med sparken hvis de snakket

Nordsjødykkarar

OBSERVERTE: Professor Ole Erik Iversen var observatør i Bonn i 1972.

Foto: NRK

Nazilege

Professor Ole Erik Iversen var nyutdanna lege, og som vernepliktig blei han sendt til Bonn for å vere tolk og observatør under dykkarforsøka. Han blei skaka over mangelen på tryggleik.

Iversen skreiv ein utførleg rapport som det han såg. Den blei levert til Arbeidstilsynet i februar 1973. Først 35 år seinare, under ei av rettssakene til nordsjødykkarane, kom den for ein dag.

Det viste seg også at mannen som styrte instituttet i Bonn, hadde ei mørk fortid. Dr. Sigfried Ruff var tiltalt nummer ein i Nürnberg-sakene etter å ha drive med eksperiment på levande fangar i konsentrasjonsleiren Dachau.

Seks år etter forsøket i Bonn, omkom ein dykkar i Skåneviksfjorden, i eit forsåk på å komme ned til 320 meter. NRK Brennpunkt har avdekka at i også i dette tilfellet blei vesentleg informasjon halde tilbake.

Krev ny gransking

Legen som var observatør under dykke-eksperimentet i Tyskland, meiner både erstatningsspørsmålet og dei to dykkarane fortener ei ny og uavhengig gransking.

Og gransking vert det.

Avsløringane her i NRK om at arbeidstilsynet heldt tilbake og skjulte viktig informasjon, både om dette dykket og dødsdykket i Skåneviksfjorden i 1978, gjer at Nordsjødykkaralliansen no krev ny og uavhengig gransking av forholda til pionerdykkarane.

Det går fram av eit brev sendt til Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget før helga.

Også i Storbritannia har avsløringane i Noreg vakt merksemd. Ifølgje avisa Express kan ein rettssak, som er på trappene på andre sida av Nordsjøen, føre til eit ras av søksmål som kan føre til utbetalingar på fleire millionar pund.