Hopp til innhold

Dykkarar frå Forsvaret søker etter sakna mann

Politiet meiner den sakna mannen ligg i Langavatnet i Åsane. – Søket er rimeleg komplisert, seier politiet.

Politi og dykkere på plass i Langavatnet i Åsane, der de mistenker at en savnet mann i 50-årene.

SØKER: Her er politi og dykkarar i gang med nye søk i Langavatnet i Åsane. Foto: Christian Kråkenes

Etter ei lengre pause i søket, tok politiet i dag opp att leitinga etter ein sakna mann i 50-åra.

Mannen blei meldt sakna av familien sin fredag for snart to veker sidan. Han skal ha vore på fisketur ved Langavatnet på Nyborg i Åsane.

Langavatnet

LANGAVATNET: I og ved Langavatnet vert det no gjort søk for å prøva å finna den sakna.

Foto: Algerøy / NRK

Både Sivilforsvaret og Norsk Folkehjelp, Røde Kors og Norske Redningshunder har delteke i søket.

– I dag gjer me nye søk i Langevatnet, og har fått bistand frå dykkarar frå Haakonsvern, seier Stig Slaatten, politioverbetjent og seksjonsleiar ved Bergen Nord politistasjon.

LES OGSÅ: Nytt søk etter savnet mann i Åsane

– Krevjande søk

Politiet har funne fiskestonga og båten til den sakna 50-åringen, nærme land. Dei jobbar ut frå teorien om at mannen har ramla ut av båten og er omkommen.

Manngard

MANNGARD: Leitemannskap går her manngard etter den sakna mannen i området rundt Langavatnet i Åsane.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Me har ingen grunn til å tru noko anna. Det er eit vanskeleg vatn å søke i, sidan det er mykje mudder på botn og det er også svært varierande djupn som gjer sitt til at søket er rimeleg komplisert, seier Slaatten.

Politiet har søkt gjennom vatnet med radar, og analyseresultata kom i dag. Det vert brukt i dagens søk.

– No har me konkrete plassar i vatnet me vil gjere grundigare søk, seier Slaatten.

Kart

SIST OBSERVERT HER: Den sakna mannen er sist observert ved Langavatnet på Nyborg i Åsane.

Foto: NRK