NRK Meny
Normal

Skulle gjere eit langt dykk

Ein dansk dykkar omkom etter å ha gjort eit dykk ved Haakonsvern. Dykkaren omkom etter at han skulle gjennomføre eit langt dykk.

Ein dansk dykkar omkom etter å ha gjort eit dykk ved Haakonsvern. Dykkaren som omkom etter at han skulle gjennomføre eit langt dykk.

OMKOM: Dykkaren som omkom var ein av fire dykkarar som skulle gjere eit langt dykk.

Drukningsulykke ved Håkonsvern

DYKKAR OMKOM: Bergen brannkorps, politiet, og Marinebasen Haakonsvern deltok i leitinga etter dykkaren.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

– Me veit ikkje anna enn at sjølve dykket dei skulle gjennomføre skulle vere eit såkalla langt dykk, reint tidsmessig, seier Kronen.

Ein av dei fire danske dykkarane omkom då dei dykka ved Haakonsvern, ikkje så langt frå Ringaskjæret som ligg nordaust for Bjorøy.

Det var Kurt Dall, 51 år frå Danmark som døydde i dykkarulykka i Vatlestraumen. Politiet opplyser at dykkarane var fritidsdykkarar.

– Prega av hendinga

Mannskap frå Bergen brannkorps, politiet, og Marinebasen Haakonsvern deltok i leitinga etter dykkaren.

Lenge var det usikkert kor mange som var i sjøen.

– No er sjølve arbeidet avslutta. Me tar hand om dei tre andre dykkarane. Dei er for så vidt i god behald, men er prega av hendinga, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Morten Kronen.

Politiet held no på å sende ein formell førespurnad via Kripos for å få varsla dei pårørande i Danmark.

Ukjend årsak

Kronen seier politiet ikkje veit kvifor dykkarane valte å dykke denne staden, eller om kor djupt dei dykka.

– Når det gjeld sjølve årsaka til ulykka så er det litt for tidleg å gå ut med. Me må få etterforska saka, og få gått gjennom blant anna dykkarcomputeren som dykkaren som omkom hadde, seier Kronen.

Veit dykk noko om det var noko gale med dykkarutstyret til den omkomne?

Nei, det er alt for tidleg å seie noko om no, seier Kronen.

Farleg vrak

Tom Johannessen

PÅ STADEN: Innsatsleiar i Hordaland politidistrikt kan ikkje opplyse om dykkarane har dykka etter vrak i området.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

Ifølgje Bergens Tidende skal staden dykkarane gjorde dykka sine vere ein velkjent vrakplass for gamle skip frå andre verdskrig.

«São Paolo» er det mest berykta vraket, og ein 29 år gamal mann skal, ifølge BT ha omkomme i 1995 då han skal ha prøvd å få tak i ei ettertrakta skipsklokke i vraket.

Det ligg tre vrak her ute på opp til 70 meters djupne, veit du om desse har vore mål for dykkinga?

– Det veit eg ikkje noko om, seier Tom Johannessen som er innsatsleiar i Hordaland politidistrikt til NRK.

I tilfelle, kva tenkjer du om å dykke på 70 meters djupn?

Då blir det litt av personleg erfaring då eg har vore fritidsdykkar, og då er det veldig djupe dykk. Om desse har vore nede så djupt, det har eg ingen føresetnad om å uttale meg om, seier Johannessen til NRK.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen