Hopp til innhold

Lovar ut 20.000 kroner i dusør etter Dolk-tjuveri

Bergen Næringsråd lovar å gi 20.000 kroner i dusør for å få tilbake Dolk-måleriet som er stole frå veggen deira.

Dolk stjelt montasje

SØKK VEKKE: Her i Veiten har 'Grenade Lovers' hengt i fleire år. No er det velkjende gatemåleriet borte vekk. Bergen Næringsråd lovar 20.000 kroner til dei som leverer det pent tilbake.

Foto: Fredric W. Madsen (kunstveggen.no)/Turid Rogne(NRK) / Montasje

Det er Bergens Tidende som skriv at det no er blitt ein dusørkamp for å få måleriet "Grenade Lovers" av den verdskjende kunstnaren Dolk tilbake på veggen i Veiten i Bergen sentrum.

Som NRK skreiv i går, er det velkjende gatekunstverket borte vekke frå veggen til baren Finnegans i Veiten.

Bergens Næringsråd eig huset i Veiten der måleriet har hengt i fleire år.

Ba om hjelp på Twitter

Det var først ein privatperson som gjekk til steget å love pengar til dei som bidreg til å oppklara mysteriumet.

– Eg betalar gladleg frå eiga lomme for å det tilbake. Verket betyr mykje for Finnegans og Bergen, sa Steve Hunter til Bergens Tidende i går. Han lovar 10.000 kroner i dusør.

På Twitter har i dag administrerande direktør Marit Warncke bedd om hjelp til å få Dolk-verket tilbake der det høyrer heime.

Saka held fram under Twitter-meldinga

Laster Twitter-innhold

20.000 kroner i dusør

Men no lovar også Warncke, til liks med Hunter, pengar til dei som levarar kunstverket attende.

– Eg tenkjer at vi må prøve å få meir merksemd på det. Det er nokon som har det heime eller som spekulerer i å selje det vidare. Dette er allemannseige og eg lovar 20.000 kroner til dei som leverer det pent tilbake, seier Warncke til NRK.

Det er berre gått to veker sidan Bergen kommune løyvde 50.000 kroner til å verne gatekunsten til bergensaren Dolk. Planen er å setje glas og ramme på måleria, nettopp for å hindre hærverk og tjuveri.

Vurderer å melde til politiet

Marit Warncke

GJEV PENGAR: - Måleriet er allemannseige i Bergen, seier Marit Warncke i Bergen Næringsråd.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

No vurderer Næringsrådet å melde saka til politiet.

– Det er i alle fall ikkje vi som eig kunstverket sjølv om vi eig bygget det er måla på. Men dette er eit kunstverk som har vore til glede for byens befolkning. Det fortener å stå framme så alle kan få sjå det, avsluttar ho.

Sjølv har Dolk sagt til NRK at tjuveri er ein del av gatekunstens skjebne.

– Eg har alltid visst at eit gateverk døyr uansett- før eller sidan. Vær, vind, tagging og tjuveri er skjebnen til eit gateverk.